Ny teknologi på fleire område
Teknologi blir utvikla og brukt på fleire og fleire område i samfunnet, også innanfor helse og medisin. I dag arbeider selskap med programvare som skal gjere det enklare å diagnostisere og behandle sjukdommar, og ny helseteknologi kan bli revolusjonerande. Program som kommuniserer med menneske på ein eller annan måte finst allereie – du har kanskje "snakka" med smartassistentar som Siri eller Bixby på telefonen din?
I animasjonen "Eldreomsorg i 2058" blir litt av denne framtida visualisert. Humoristisk, men nok med ein viss ironisk snert. Kan eldreomsorg ende slik i framtida, med program som ikkje tolkar og forstår menneskeleg kommunikasjon? Sjå animasjonen og diskuter:
- Kva trur du slike former for kommunikasjon og teknologi gjer med samfunnet vi lever i? Kva for fordelar og ulemper ser du for deg?
Læringsressursar
Kunnskaps- og informasjonssamfunnet
Fagstoff
Kunnskaps- og informasjonssamfunnet
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Castells og nettverkssamfunnet
Kjernestoff- Kjernestoff
Eldreomsorg 2058Du er her
Teknologi - trugsel eller vedunder?
KjernestoffFramtidas samfunn – dystopi eller utopi?
Kjernestoff