Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. OrganisasjonsteoriarChevronRight
  5. Organisering av arbeid = godt arbeidsmiljø? ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Organisering av arbeid = godt arbeidsmiljø?

Har du tenkt på korleis arbeidsmiljøet og organiseringa av arbeidet på ein skule kan påverke kvaliteten på jobben som lærarane gjer, og dermed også deg som elev? Du lurer kanskje også på om det er ein samanheng mellom arbeidsmiljø og korleis organisasjonar blir leia og organisert?

Lærer og elever i klasserom. Foto
Lærar og elevar i klasserom

Ved Apalløkka skule har dei gjort seg nokre tankar om nettopp dette. Skulen fekk Dronning Sonjas skolepris i 2018. Sjå filmen og gjer deretter oppgåvene nedanfor.

  1. Kva meiner du kjenneteiknar arbeidsmiljøet ved Apalløkka skule?
  2. Kva kjenneteiknar måten organisasjonen blir leia og organisert på?
  3. Visste du at vi har hatt organiserte skular i Noreg heilt sidan mellomalderen?¹ Sjå for deg ein skule for hundre år sidan og skulen slik du oppfattar han i dag. Trur du korleis vi tenkjer om organisering av arbeid og arbeidsmiljø ved skulane har endra seg over tid fram til i dag? Kva kan i så fall vere grunnen til det?
  4. Søk på ordet "organisasjonsteori". Kva handlar organisasjonsteoriar eigentleg om?

¹: Thune, Taran. (2019, 21. februar). Norsk utdanningshistorie. Henta 8. april 2019 fra https://snl.no/Norsk_utdanningshistorie.

Læringsressursar

Organisasjonsteoriar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter