Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. OrganisasjonsteoriarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Scientific Management

Teorien om scientific management blei utvikla av Fredrick Taylor på starten av 1900-talet. I ettertid har han både blitt kritisert og stilt spørsmål ved, men element av denne teorien lever kanskje i beste velgåande meir enn 100 år etterpå?

Produksjonslinje. Illustrasjon
Produksjonslinje som døme på taylorisme: "ein person er lik ein jobb".

Bakgrunn og prinsipp

Den amerikanske ingeniøren Fredric W Taylor gav i 1913 ut boka "The principles of Scientific Management". Hovudidéen hans var at størst effektivitet blei oppnådd når arbeidsoppgåvene blei delte opp og forenkla. Tilretteleggjnga av arbeidet blei konsentrert omkring arbeidsoppgåvene. Kvar tilsett skulle utføre ei lita og godt spesifisert deloppgåve, og deloppgåvene skulle vere så enkle og standardiserte som mogleg. Dette skulle gi fleire fordelar:

  • Når produksjonsarbeidarane gjentek enkle operasjonar, blir opplæringskostnadane reduserte. Dei tilsette blir flinkare og kan arbeide fortare. Motivasjonen til effektiv arbeidsinnsats skal kome gjennom lønnssystemet.
  • Kven som helst kan lære oppgåvene når dei blir tilstrekkeleg oppdelte og forenkla, og bedriftene blir dermed ikkje avhengige av faglært arbeidskraft.
  • Planlegging, styring og kontroll kan gjerast meir effektivt når ein har klare produksjonsnormer å basere seg på.

Ideane hans fekk stor gjennomslagskraft innanfor delar av industrien. Tidsstudium blei tekne i bruk for å måle effektiv tidsbruk under produksjonen. Spesialisering og standardisering av arbeidsoperasjonane blei resultatet, og det blei også arbeidd med å effektivisere arbeidsstillingane.

Denne retninga blir også kalla taylorisme.

Kritikk av scientific management/taylorisme

Taylor brukte systematiske undersøkingar for å avdekkje den mest mogleg effektive måten å produsere, organisere og leie arbeidet på. Men andre forskarar har meint at metoden manglar teori, og heller ikkje er basert på testing av hypotesar, og at han derfor ikkje kan kallast vitskapeleg.

Sett på spissen innebar denne måten å organisere arbeidet på at leiarane og ekspertane skulle tenkje, mens dei tilsette berre skulle utføre enkle arbeidsoperasjonar etter detaljert instruks. Prinsippet var ein person er lik ein jobb. Både menneska og jobbane skulle vere lette å skifte ut.
Sjølv om dette kan føre til meir effektivitet, kan det også føre til slitasjeskadar når ein person må gjenta same operasjon heile tida. Vidare har det vist seg at auka fråvær, mistrivnad og redusert produktivitet kan bli resultatet dersom produksjonen blir organisert for stramt etter Taylor sine linjer.

Vidare har denne retninga blitt kritisert for å betrakte menneska som maskinar. Mennesket kan ikkje og bør ikkje detaljstyrast under produksjonsprosessen. Når jobbane blir standardiserte og forenkla for mykje, vil arbeidet opplevast som keisamt, monotont og lite utviklande.

Taylorisme i dag?

Sveiseroboter i bilproduksjon på Volkswagen-fabrikken i Tyskland. Foto.
Også i moderne bilindustri der mykje av jobben blir gjort av maskinar, kan vi trekkje parallellar til Taylor sine prinsipp om effektivisering.

Sjølv om denne retninga har møtt mykje kritikk, ser vi nok restar av ho i notidas arbeidsliv. Å effektivisere arbeidsoppgåver og prosessar har fleire organisasjonar som mål, og arbeidsoppgåver er ofte spesialiserte, avhengig av kva som som blir produsert.

Arbeidslivet blir også meir og meir automatisert, og arbeidsoppgåver blir standardiserte og til dels utført av maskinar. Vi kan trekkje parallellar til Taylor sine prinsipp også her. Gjennom automatisering, digitalisering og "robotisering" er tanken ofte at arbeidet blir utført meir effektivt, standardisert og spesialisert.

Innanfor helse og omsorg har det til dømes blitt vist til at Taylor sine prinsipp lever i beste velgåande – i form av at "stoppeklokka rår". Det vil seie at ulike oppgåver skal gjerast i løpet av ei gitt tidsramme. Dette skal igjen gjere det billegare og meir effektivt, men dette har blitt kritisert av både arbeidstakarar og dei som tek imot helsetenester: Å yte omsorg, pleie og behandling av menneske kan ikkje målast etter talet på minutt pr oppgåve.

Taylor meinte også at arbeidarane måtte kontrollerast, for det lå mellom anna i mennesket sin natur å sluntre unna. Dette vil nok mange vere både ueinige og einige i!

Kva meiner du? Treng arbeidarane nokon form for kontroll i samfunnet i dag?

Læringsressursar

Organisasjonsteoriar