Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. Produksjon i ulike kulturar og tidsepokarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Industrisamfunnet

Det tredje teknologiske og sosiale skiftet er den industrielle revolusjonen. Resultatet av han blei ei total samfunnsendring.

Telegraf, dampbåt, lokomotiv og hurtigpresse. Illustrasjon
Utvikling i industrisamfunnet; dampbåten, lokomotivet, telegrafen og hurtigpresse.

Industrisamfunnet

Industrisamfunnet er eit samfunn der varene er produsert av maskinar som er drivne av brensel i staden for muskelkraft. Det ga støyten til masseproduksjon av industrivarer og matvarer som blei omsett i ein marknad. Både produksjon og handel auka. Som følgje av overgangen frå seil til damp, og med utbygginga av jernbanen og vegnettet, fall prisane drastisk på transport. I sin tur førte det til eit stort prisfall på jordbruksvarer, særleg korn.

Dei sosiale endringane var store. Den industrielle produksjonen var mykje meir effektiv enn det nokon hadde sett tidlegare. Befolkninga auka sterkt, og det var ikkje mogleg å sysselsetje dei nye samfunnsmedlemmane i eit jordbruk som etter kvart blei meir effektivt og dermed trengte mindre arbeidskraft. Vi fekk ei enorm flytting til byane, og resultatet var at mange heldt fram med å vere fattige.



Konsekvensar av den industrielle revolusjonen

  • den sosiale ulikskapen i samfunnet kom på grunn av urbaniseringa meir til syne enn tidlegare
  • industriarbeidarklassa voks fram. Befolkningsaukinga etter 1800 førte til at mange arbeidsledige frå landsbygda søkte til byane
  • arbeidarane organiserte seg for å få betre lønningar, arbeidsforhold og politiske rettar. I dei vestlege industrisamfunna utvikla det seg representative demokratiske styreformer. Arbeidarane fekk etter kvart politiske rettar som stemmerett og organisasjonsfridom, på linje med andre grupper i samfunnet.
  • sosial utjamning. Sjølv om den første fasen av utviklinga i industrisamfunnet var prega av stor ulikskap, førte den økonomiske utviklinga til at fleire grupper i samfunnet fekk meir å rutte med, sjølv om forskjellane i samfunnet framleis var store. Det auka overskotet førte til at det var mogleg å utvikle sosiale ordningar gjennom velferdsstaten.

Dei ulike teknologiske og sosiale skifta har gått føre seg på ulike tidspunkt rundt om i verda. Gamle samfunnstypar, både jeger- og sankarsamfunn og jordbrukssamfunn, finst i verda i dag. Men forholda eit gjetarfolk som masaiane lever under i dag, er sjølvsagt dramatisk forskjellige frå dei forholda eit slikt samfunn levde under for fleire tusen år sidan. Sjølv om produksjon og levesett er basert på gammal tradisjon, er byen og det moderne informasjonssamfunnet kanskje berre ein time unna.

Læringsressursar

Produksjon i ulike kulturar og tidsepokar