Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. Produksjon i ulike kulturar og tidsepokarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gjetarsamfunn, hagebrukssamfunn og jordbruksamfunn

Jeger- og sankarsamfunnet utvikla seg vidare til gjetar- og hagebrukssamfunnet då menneska begynte å temje naturen for om lag ti til tolv tusen år sidan. Dette var også forløparen til jordbrukssamfunnet.

Masaikriger som spiller på tradisjonelt horn
Masaikrigar som speler på tradisjonelt horn.

Framveksten av gjetarsamfunnet

Utviklinga er blitt driven fram av ulike teknologiske og sosiale skifte. Etterkvart som menneska begynte å dyrke jorda, utvikla jeger- og sankarsamfunnet seg i to ulike retningar, og vi fekk eit gjetarsamfunn og eit hagebrukssamfunn. Dette skiftet blir også kalla den første sosiale revolusjonen.

Det som leidde til gjetarsamfunnet, var at ville dyr blei temja, i hovudsak geit og sau, og menneska skaffa seg husdyr. Slike samfunn utvikla seg i område som var fattige på regn, ettersom mangelen på regn gjorde det vanskeleg å basere livet på avling. Grupper som levde som gjetarfolk, heldt fram med å vere nomadar. Dei følgde dyra etterkvart som dei flytta seg til nye beitemarker. Enkelte masaiar i Aust-Afrika lever framleis i ein slik samfunnstype, som gjetarfolk.

Hagebrukssamfunnet

Andre grupper fann ut at avkastninga frå ville plantar kunne aukast dersom dei begynte å kultivere plantane. Slike samfunn utvikla seg til hagebrukssamfunn. Folk erfarte etterkvart at nokre plantar og kornslag ga større avkastning og kunne lagrast lenger enn andre. Det viste seg også at plantar og korn vaks betre når dei blei stelte. Etter kvart utvikla dei handreiskapar til å stelle jorda med, og når dei begynte å stelle plantene, måtte dei også bu der plantane var. Derfor utvikla hagebrukssamfunna seg til bufaste samfunn.

Sjølv om den gradvise temjinga av naturen skjedde over svært lang tid, hundrevis av år, var dette eit klart brot med tidlegare tradisjonar, og det forandra menneska si historie. Større avlingar og sikrare mattilførsel førte til at fleire menneske kunne vekse opp. Når samfunnet produserte meir, trengte heller ikkje alle å arbeide med å skaffe mat, og vi fekk den første spede byrjinga til arbeidsdeling. Vi fekk menneske som laga reiskapar, våpen og smykke. Samfunna blei organiserte med nye roller, til dømes religiøse leiarar, som prestar. Spesialiseringa førte vidare til utvikling av handel.

Jordbrukssamfunnet

Indiske kvinnelige bønder i en hveteåker. Foto.
Indiske bønder haustar kveite.

Gjetar- og hagebrukssamfunnet kan vi kalle forløparen til jordbrukssamfunnet. Jordbrukssamfunnet er eit resultat av det vi kan kalle det andre skiftet i den teknologiske og sosiale utviklinga. Dette skiftet har også blitt kalla jordbruksrevolusjonen. Det var i hovudsak eit resultat av at arden blei funnen opp. Arden er forløparen til plogen.

Andre viktige årsaker er betre korntypar, bruk av trekkdyr og bruk av nye areal med betre dyrkingsforhold. Resultatet var ei formidabel auke i avlingane, og det ga grunnlag for langt større samfunnsdanningar enn tidlegare. Eit endå større overskot førte også til endå meir spesialiserte roller. No fekk vi den første utviklinga av filosofi, kunst, litteratur og arkitektur.

Utviklinga i matproduksjonen førte til at befolkninga vaks langt sterkare enn tidlegare, og no såg vi konturane av dei første byane. Samtidig blei det større forskjellar mellom medlemmane i samfunnet. Fast busetnad gjorde det mogleg å samle seg eigedom og rikdom, og dette danna grunnlaget for sosialt og politisk leiarskap i samfunnet, som igjen leidde til dei første statsdanningane.

Læringsressursar

Produksjon i ulike kulturar og tidsepokar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter