Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. Produksjon i ulike kulturar og tidsepokarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Jeger- og sankarsamfunn

Den enklaste forma for samfunn kjenner vi som jeger- og sankarsamfunnet. I slike samfunn dekkjer menneska behova sine ved å jakte og samle mat.

Helleristningene i Alta. Utsnitt som viser mennesker i båt, samt dyr ved siden av. Foto.

Kva kjenneteiknar eit jeger- og sankarsamfunn?

Arbeidsdelinga er som oftast slik at mennene jaktar, mens kvinnene samlar plantemat og andre nyttevekstar. Til tross for at det er kvinnene som gjennom innsamlinga si er dei som dekkjer det meste av behova, er det jakta som gir mest prestisje.

I jeger- og sankarsamfunnet er det få karakteristika for å skilje ulike grupper. Slekt, kjønn og alder blir dei mest grunnleggjande. Familien er den sentrale sosiale gruppa. Der blir menneska knytt saman gjennom ekteskap og slektskap. Det dei treng for å overleve, blir dekt av familien som eining. Familien dekkjer også oppgåver som sosialisering og omsorg for gamle og sjuke.

Jeger- og sankarsamfunna har relativt få medlemmar. Den viktigaste årsaka er at dei lever av dei dyra og plantane som finst innanfor det området der dei lever. Blir dei for mange, går det ut over ressursgrunnlaget. Sjølv om dei som lever i slike samfunn stort sett er fredelege, er det høg dødelegheit blant dei. Det kjem blant anna av at dei er svært sårbare for sjølv små endringar i matforsyninga.

Desse samfunna har også som oftast ein egalitær struktur. Det vil seie at det er små materielle forskjeller mellom medlemmane i slike samfunn. Dei et det dei samlar, og ettersom dei fleste av slike samfunn er nomadiske, er det heller ikkje mogleg å samle seg rikdom.

Alle menneskegrupper har ein gong vore jegerar og sankarar. Slike samfunn var relativt alminnelige inntil for nokre hundre år sidan. I dag finst det berre nokre få slike samfunn. Vi kan til dømes finne nokon i Sentral-Afrika, Sør-Amerika og på nokre øyer i Stillehavet.

Jeger- og sankarsamfunn i Noreg

Dei første menneska i Noreg for omlag 11000 år sidan var jegerar og sankarar som blant anna jakta sjøfugl og sel, og ein trur også dei følgde reinflokkar på vandring. Naturen i Noreg var rik på ressursar, noko jeger- og sankarsamfunnet utnytta i fiske og fangst. Denne rike - og sikre - ressurstilgangen var ei årsak til at det først i 2350 f.Kr blei etablert gardar i store delar av Sør-Noreg. I nord tok det lengre tid. Det kalde klimaet i nord var ikkje like godt for jordbruk, sjølv om arkeologiske utgravingar viser det var forsøkt.
Samane var jegerar og sankarar i tidleg jernalder, og hadde eit nomadisk levesett.

Les meir om jordbruksrevolusjonen i Noreg på Norgeshistorie.no

Læringsressursar

Produksjon i ulike kulturar og tidsepokar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter