Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Konfliktar mellom individ og grupperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Majoritetar og minoritetar

Du har sikkert høyrt omgrepa minoritet og majoritet før. Kva inneber desse omgrepa eigentleg, og korleis henge omgrepa saman med makt og avmakt?

Internatskolen for Flyttsame-barn i 1950.
Internatskulane var eit viktig verktøy i assimileringa av norske samar.

Eit mangfaldig samfunn

Det norske samfunnet kan, utan å overdrive, beskrivast som eit mangfaldig samfunn. Er du på noregsferie vil du garantert møte menneske som høyrer til ulike yrke, sosiale lag og – ikkje minst – etniske grupper. Veldig mange samfunn består nettopp av eit mangfald av etniske grupper. Mange samfunnsforskarar har latt seg fascinere av dette, og har blant anna ønska å forstå korleis gruppene stiller seg til kvarandre.

Denne typen samfunn kan bere preg av eit ujamt maktforhold. Det er ikkje nødvendigvis gitt at alle gruppene har like mykje dei skulle ha sagt. Nettopp dette har også fanga forskarane si merksemd.

Migrantar og urfolk

Det er mange samfunnsforskarar som har fokusert på etnisitet og maktforskjellar. Desse forskarane har hovudsakleg sett på to kategoriar minoritetar.

Den eine gruppa dei har via merksemda til, er migrantar. Veldig ofte har det dreidd seg om menneske som har reist frå eit fattig til eit rikt land.

Den andre gruppa er urfolk, til dømes samar, grønlandske inuittar eller aboriginarar. Begge gruppene har det til felles at dei står i eit skeivt maktforhold til majoriteten, enten det har vore snakk om forholdet til kvite australiarar eller til ein statsmakt som skal bestemme asylstatusen deira.

Et fotografi av meksikanske migranter på vei inn i USA.
Meksikanske migrantar på veg inn i USA.

Politisk makt

Kva er eigentleg forskjellen på ein minoritet og ein majoritet?

Ved første augekast kan det verke som om vi snakkar om talet på personar. Det er heller ikkje unaturleg at vi tenkjer på den måten, for i den vanlege samtalen blir omgrepa brukt om kven det er færrast eller flest av.

I denne samanhengen handlar det likevel meir om politisk makt enn noko anna. Majoriteten er den delen av befolkninga som sit på mesteparten den politiske makta. Det betyr at minoriteten ikkje alltid har så mykje de skulle sagt, men kanskje berre må føye seg etter kva majoriteten bestemmer.

Paradoksalt nok kan minoriteten faktisk vere makthavarane overlegen når det kjem til kor mange dei er. Det har ikkje nødvendigvis noko å seie for kven som sit med makta. På Grønland, til dømes, var inuittane i eit soleklart fleirtal, men det var hovudsakleg danskane som sto for styre og stell.

Korleis endre på situasjonen?

Sjølv om ei gruppe per definisjon er ein minoritet, betyr ikkje det at statusen er uforanderleg. Det finst måtar der ei gruppe kan bytte status frå minoritet til majoritet. I provinsen Quebec i Canada finst det ei relativt stor gruppe fransktalande nasjonalistar. Dei ønsker å lausrive provinsen frå Canada. Viss dei klarer det, har dei endra på det opphavlege sosiale systemet, og har følgjeleg blitt til ein majoritet i eige land.

Å lausrive seg for å danne seg noko eige, er ikkje ei enkel øving. For nokre folkegrupper fortonar det seg som eit langt lerret å bleike. Andre grupper kan derimot endre status på ein annan og tilsynelatande enklare måte. I Noreg oppheld det seg til dømes relativt mange indarar, svenskar og rumenarar. I eit maktperspektiv er dei som minoritetar å rekne. Men dei er trass alt majoritetar ein annan stad, så viss dei vel å flytte på seg, kan dei høyre til ei majoritetsgruppe igjen. Det føreset at dei kjem frå eit land eller samfunn kor retur i det heile tatt er mogleg.

Statar sine strategiar overfor minoritetar

Tidlegare i teksten nemnde vi at forskarar ofte har vore opptatt av korleis majoritetar og minoritetar stiller seg til kvarandre. Her skal vi ta ein titt på nokre velkjende strategiar statar har brukt overfor minoritetsbefolkninga.

I Noreg blei assimilasjon lenge brukt overfor den samiske befolkninga. Å assimilere betyr å gjere lik. Eit eller anna skal bli likt det andre. I denne samanhengen skulle samane bli lik nordmennene gjennom den såkalla fornorskingspolitikken. Samane skulle til sjuande og sist smeltast inn i majoritetsbefolkninga. Trekkjer vi ein slik assimilasjonsprosess langt nok, kan det ende med at minoritetsgruppa forsvinn fullt og heilt!

For det andre har enkelte statar sett i verk ein aktiv segregeringspolitikk. Dette inneber at minoriteten blir skilt frå majoritetsbefolkninga. Ofte dreier det seg om fysisk åtskiljing. Det mest kjende døme er apartheidideologien frå Sør-Afrika, der den svarte minoriteten blei skild frå den kvite majoriteten. I slike tilfelle blir den segregerte gruppa ofte sett på som annanrangs.

Segregering treng ikkje nødvendigvis å vere ein aktiv politisk strategi. I nokre nordamerikanske byar eksisterer det etnisk segregerte bydelar, men dette kan vere eit resultat av sosioøkonomiske forskjellar framfor noko anna.

Til slutt har vi integrasjon. Integrering inneber at minoriteten både skal delta i og få tilgang til samfunnet sine felles gode, samtidig som dei held på sin eigen gruppeidentitet og kultur. I mange tilfelle er dette ein ønska strategi frå staten si side. Dei vil at minoriteten skal delta i samfunnet, men at dei også skal få halde på sitt kulturelle særpreg. Likevel, kva ein stat ser som vellykka integrering vil variere. Derfor er det ikkje sikkert at integrering inneber det vi vil sjå på som rettferd og likeverd.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Konfliktar mellom individ og grupper

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter