Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. ReligionChevronRight
  5. OvergangsritualChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Overgangsritual

Sosialantropologar har hatt ei lang interesse for religiøse ritual. Rituala har ofte gitt innsikt i kvifor eit samfunn er slik det er. I denne teksten skal vi sjå litt nærmare på overgangsritual. Men, før vi set i gang: Veit du kva eit overgangsritual er?

Et fotografi av koftekledde gutter som skal konfirmeres.
Konfirmasjon i Kautokeino

Overgangsritual

Kort fortalt er eit overgangsritual ein praksis der ein person får ein ny status. Frå barn til vaksen, levande til død, ugift til gift. Vi finn dei i ulike variantar – der den gamle statusen blir "vaska bort" og personen blir "fødd på ny". I kristendommen er dåpen eit velkjend døme.

I den vidaregåande skulen kan russefeiringa faktisk sjåast på som eit overgangsritual. Elevane feirer overgangen frå elev til noko anna, til dømes student, soldat, backpackar eller arbeidstakar. Rituala treng med andre ord ikkje vere religiøse, sjølv om det er dei vi kjenner best til – og som vi skal fokusere på i denne teksten.

Kaguruane: frå barn til vaksen

Kaguruane, som vi har vore innom tidlegare, har fleire overgangsritual. Dette er noko dei fleste samfunn har, men gjennom kaguruane skal vi forsøkje å konkretisere eit overgangsritual frå antropologien si verd.

Eit av kaguruane sine ritual handlar om overgangen frå barn til fullverdige vaksne. I dette dømet skal vi fokusere på gutar sin overgang til vaksne menn. Ritualet inneheld både undervisning og fysiske inngrep.

Men, vent – fysiske inngrep? Det høyrest svært dramatisk ut. Sjølv om det er snakk om barn og unge, så er inngrepa og smertene i aller høgste grad reelle. Kjensla av smerte skal sannsynlegvis styrkje gutane sin lojalitet til samfunnet. Inngrepet gjer stort inntrykk på dei. På den måten hugsar dei kor lojaliteten deira skal liggje.

Tidlegare i teksten nemnde vi at overgangsritual kan handle om liv og død, og kaguruane oppfattar ritualet som nettopp dette. Ifølgje dei døyr ungdommane som barn og blir atterfødde som menn.

Omskjering og isolering

Så korleis går ritualet føre seg? Det byrjar i tørketida og startar med omskjeringa av gutane si forhud. Hensikta med å fjerne dei "kvinnelege kroppsdelane" er å kjøle ned gutane sin seksualitet, for så å gjere dei forskjellige frå kvinner sin varme seksualitet. Der skal det visstnok vere ein skilnad mellom kvinner og menn.

Omskjeringa blir gjennomført når gutane er i ti-tolvårsalderen. Dei skal ikkje vise smerte, og kvinner har ikkje tilgang til ritualet. I tillegg blir dei fortalde at omskjeringa er potensielt livsfarleg. Den fysiske smerta blir med andre ord kombinert med ei psykisk frykt.

Etter at omskjeringa er gjennomført, kan ikkje gutane dra tilbake til landsbyen. Dei blir rett og slett sette i karantene og må bu åtskilte frå resten av landsbybuarane. Gutane er framleis ikkje fullverdige vaksne. Ikkje før ritualet er fullstendig gjennomført, kan dei vende attende til heimane sine.

Undervisning og tilbakekomst

I tida etter omskjeringa blir gutane underviste av dei vaksne. Målet er blant anna å lære ungdommane korleis dei skal te seg som ein god kaguru. Altså, korleis dei kan vere eit godt vertskap for gjester, kvifor passe seg for kvinner, kva som er forventa, korrekt seksuell oppførsel, og så vidare.

Det er ikkje alt – for i same periode blir dei utsette for ei rekkje prøvelsar. Dei vaksne kan gøyme seg i buskane og late som om dei er ville dyr, eller så blir gutane fortalde at dei kan døy av omskjeringa – sjølv om ho for lengst er unnagjort. Og, som om ikkje det var nok, så øydelegg dei vaksne ungdommane sin leir. Derfor må dei overnatte ei natt under open himmel mens dei vaksne snik seg rundt i skogen og lèt som om dei er løver. Når alt dette er overstått, kan gutane endeleg vende attende til landsbyen att.

Vel attende i landsbyen blir det arrangert ein stor fest til deira ære, der dei blant anna blir gitte fleire namn. Nokre av dei er til og med hemmelege. Når det er gjort, har dei endeleg blitt fullverdige vaksne. I tillegg har dei opparbeidd seg retten til ei skikkeleg gravferd og kan bli forfedreånder når dei døyr. Som vi har vore inne på i ein tidlegare tekst, har forfedreåndene ei viss makt i kagurutrua.

Her har du lese korleis kaguruane markerer overgangen frå barn til vaksen. Kjem du på nokon andre ritual der overgangen frå barn til vaksen står i sentrum?

Andre ritual og samhald

Det er ikkje berre i overgangen frå barn til vaksne Turnes tre fasar kjem til syne. Vi finn dei også i gravferdsritualet. Åtskiljinga skjer når vedkommande døyr, mens liminalfasen er når den døde framleis ikkje er vaska og gravlagd. Dette blir sett på som ein farleg periode. Reintegrasjonen skjer etter arveoppgjeret og når den døde har blitt til ei forfedreånd. Etter dette kan samfunnet gå attende til kvardagen att.

For kagurugutane kan ritualet elles bety meir enn berre inngangen til vaksenlivet. I liminalfasen gjennomgår dei fleire prøvelsar og opplevingar saman. Desse erfaringane gjer at dei etablerer ein fellesskap seg imellom. Denne fellesskapen kan gå på tvers av slektskap og rang, og det kan vere til hjelp seinare i livet.

Tenk over

Kjem du på nokon ritual eller opplevingar som kan gi grunnlaget for ein livslang fellesskap mellom barn og unge?

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter