Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. ReligionChevronRight
  5. RitualChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ritual

Har du nokon gong vore i ein dåp, eit bryllup eller ei gravferd? Då har du opplevd eit ritual. Men kva er eigentleg eit ritual?

Et fotografi av en kristen barnedåp
Kristen barnedåp

Verda er mangfaldig. Uansett kvar du reiser, vil du møte menneske med ulike måtar å oppfatte livet på. Nokon er religiøse, mens andre er hardnakka ateistar.

Denne oppdelinga verkar openbert ganske pen og pynteleg. Ho er enkel å ta stilling til, men verda er meir snirklete enn som så. Sjølvsagd. For i ei verd som inneheld så uendelege mange variasjonar av menneske, vil det vere vanskeleg å gjere eit så tydeleg skilje.

Dette er et spekter som inneheld mange fasettar. Vi har til dømes agnostikarane, og vi har dei som trur når det passar dei best – som ateisten som ber til Gud i havsnaud.

Religiøs kunnskap må brukast

Hald fast på det. Naud, altså. For i mange religionar kontaktar dei truande høgare makter når det er noko dei treng. Som vi såg i teksten om sosialantropologi og religion, kontakta kaguruane forfedreåndene når de behøvde noe. Dei måtte foreta ofringar til forfedreåndene for å sikre at avlingane ga avkastningar, elles sto dei i fare for å svelte.

Kaguruane sine handlingar fortel oss at religiøs kunnskap blir viktig når han kan brukast til noko. Dei visste at forfedreåndane kunne hjelpe dei, men dei måtte utføre nokre handlingar for å få det til. Kaguruane måtte rett og slett ty til religiøse ritual.

Tenk over

Korleis vil du forklare kva eit ritual er?

Kva er ritual?

Vi kjenner ritual igjen frå dei fleste religionar. Kristendommen har sin nattverd, muslimar går rundt Kaba, og yanomamö-sjamanen forsvinn inn i ein transe. Uansett kva for religion vi snakkar om, er ritual noko dei truande gjer. Det er handlingar. Ritual kan derfor beskrivast som religionen sin handlingsaspekt.

Notér

Noter deg tre ritual du kjem på. Kva gjer dei truande, og kvifor gjer dei det, trur du?

Dei truande sine perspektiv

Både sosiologar og sosialantropologar har vore interesserte i religion, sjølv om dei har hatt ulike interessefelt. Ulike vinklingar eller ikkje, så har målet vore å forklare og forstå religiøse tankar og handlingar. I denne samanhengen har begge fagretningane utvikla eit ganske stort nett av teoriar om korleis ritual verkar, og store delar av den seinare forskinga har fokusert på å skjønne korleis dei innfødde sjølve opplever og forstår rituala. Forskaren ønskjer med andre ord å setje seg inn i forskingsobjekta sine perspektiv.

For religiøse er rituala ein svært viktig del av religionen. I mange tilfelle er det også ein sentral del av kvardagen. Det er med andre ord ikkje utan grunn at samfunnsforskarar har vore opptatte av ritual. Dei har vore ein innfallsport inn i dei innfødde sin måte å forstå verda rundt seg på.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Religion