Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. ReligionChevronRight
  5. Skriftlege og munnlege religionarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skriftlege og munnlege religionar

Sosialantropologar har lenge vore opptekne av religionar, og spesielt religionar i det vi kallar tradisjonelle samfunn, anten det no har vore samfunn i Amazonas eller blant afrikanske urfolk. Kva trur du? Kva er eigentlig forskjellen på skriftlege og munnlege religionar?

Et fotografi av bibelen.
Vi skil ofte mellom skriftlege og munnlege religionar. Antropologar har lenge forska på munnlege religionar.

Uansett kor vi reiser i verda, vil vi finne ein form for religion. Det kan vere alt frå små, lokale trusformer til dei store verdsreligionane. Sosialantropologane oppfatta raskt den store variasjonen, og blei spesielt opptekne av dei små religionane i tradisjonelle samfunn. Dette betyr likevel ikkje at antropologar berre har studert små og sjeldne trusformer i Amazonas eller sjamanisme blant grønlandske inuittar. Dei har òg fatta interesse for dei store religionane som buddhisme, kristendom og variasjonane innanfor desse igjen, sjølv om desse studiane er i mindretal.

Då antropologar begynte å undersøkje religionar, fatta dei raskt interesse for kva slags funksjonar religionen hadde i samfunnet. Kva var det religionane førte til? Korleis bidrog religion til solidaritet og tilhøyrsle i eit samfunn? Men sjølv om religionen sine funksjonar lenge fekk stor merksemd, skal vi sjå at interessa etter kvart tok ei litt anna retning.

Før vi går vidare, er det viktig å understreke at sosiologar også er opptekne av religion. Særleg er dei interesserte i den greina av fagretninga som kallast for religionssosiologi. I denne teksten har vi derimot eit sosialantropologisk perspektiv.

Tru og meining

I løpet av dei siste tiåra har pendelen svinga i ei anna retning. Frå å fokusere på religionen sine sosiale funksjonar, er antropologar no meir opptekne av kva religionen betyr for den truande og korleis han gir tilværet meining. Det betyr at antropologen blant anna ser på kva religionen betyr for individet, og korleis trua heng saman med det som går føre seg i samfunnet.

Teikn og tale

I studiet av religionar kan det òg vere nyttig å gjere eit skilje mellom det vi kallar for skriftlege og munnlege religionar. Skriftlege religionar blir ofte sett i samanheng med ei heilag bok av noko slag. Her er Bibelen og kristendommen, eller Koranen og islam velkjende døme, der trua på éin gud står sentralt. I tillegg har desse religionane blitt spreidd til store delar av verda, og kan derfor kallast for omvendingsreligionar. Vi snakkar med andre ord om misjonering. Ofte kan denne typen religionar sjå på seg sjølve som universelle, altså at dei gjeld for hele menneskeslekta. Kristendommen og islam er døme på dette.

Men det er dei munnlege religionane antropologar i hovudsak har studert. Desse skil seg frå dei skriftlege religionane på fleire punkt. Munnlege religionar er som regel knytt til eit spesielt område. Der islam og kristendommen er utbreidd over hele verda, er munnlege religionar som regel fornøgde med å vere “heime”. Dette betyr også at dei heller ikkje driv med misjonsarbeid, slik som religionane frå Midtausten gjer. Dei har altså ikkje noko mål om å få andre menneske til å tru på forfedreånder eller sjamanar. Det ville på mange måtar ikkje ha falle dei inn. I tillegg er den religiøse trua i mykje større grad ein del av det sosiale livet enn det dei skriftlege religionane er. Dagleglivet sin puls og handlingar er med andre ord prega av religionen.

Case: kagarurufolket

Kaguruane er eit folkeslag i Tanzania. Dei lever i stor grad av jordbruk, og reknar slekta gjennom eit matrilineært slektskapssystem. Når det kjem til religion, trur dei blant anna på forfedreånder og ei åndeverd. Denne trua grip også inn i kvardagen, noko vi skal sjå nokre døme på her.

Sidan dei er jordbrukarar, er dei i stor grad avhengige av den maten dei produserer sjølve. Avlingane må med andre ord vere gode, elles kan dei i verste fall ende opp med for lite mat - og akkurat her speler forfedreåndene ei rolle. Ved å gjere ofringar til forfedreåndene, vil dei få dei til å velsigne jorda. På den måten forsøker kaguruane å forsikre seg om at avlingane ber frukter.

Et fotografi av skyer foran en blå himmel.
Kaguruane trur på ei åndeverd.

Når det er sagt, er det ikkje alltid at åndene si innblanding er av det positive slaget. Dei har ein tendens å få skylda for all slags tragediar og ulykker. Viss ei mor mister eit barn, kan det rett og slett vere fordi den avdøde slektningen hennar føler seg einsam i åndeverda og hentar barnet til seg. Eller så har ei avling døydd fordi ein forfedreånd føler seg dårleg behandla. Av denne grunnen er det viktig å gi ofringar til åndene. Dei må – så langt det lar seg gjere – halde seg på godfot med forfedrane. Viss ikkje, står dei i fare for å føle på åndene sin vreide. Det vil ein aller helst unngå.

Uansett kva forfedreåndene bestemmer seg for, så er kaguru eit døme på korleis religionen påverkar rutinane i dagleglivet, og korleis det gir hendingar i tilværet meining.

Klarer du å finne nokre andre folkegrupper som trur på forfedreånder?

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland 2004: Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Religion

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter