Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåve: Matrilineære slektskapssystem

I desse oppgåvene skal du jobbe meir med matrilineære slektskapssystem og toleranse.

Et fotografi av tre generasjoner kvinner

Oppgåve 1

  1. Kva er det som kjenneteiknar matrilineære slektskapssystem?
  2. Korleis skjer overføringa av rettar i matrilineære system?
  3. Korleis skjer distribueringa av jams hos trobriandarane, og kva for rolle speler jamsen i det politiske spelet?

Oppgåve 2

Trobriandarane blei for alvor gjort kjent av sosialantropologen Bronislaw Malinowski. I ettertid blei det avslørt at han ikkje var så veldig begeistra for dei. Han såg på dei nærmast som villmenn. Trass dette gjennomførte han studiet av trobriandarane, og han var ein viktig bidragsytar til utviklinga av moderne sosialantropologi.

  1. Kor viktig meiner du toleranse er når ein skal forske på andre menneske? Gi grunn for svaret ditt.
  2. Kva kan skje viss du ikkje viser toleranse i møtet med dei du skal forske på?
  3. Er det noko sosialantropologen ikkje kan tolerere i møtet med dei han skal forske på? Gi døme.

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter