Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver: Kognatisk avstamming

Her skal du jobbe litt meir med kognatisk avstamming. Målet er å vite kva som kjenneteiknar kognatisk avstamming, og kva som skil det frå andre slektskapssystem. I tillegg skal du sjå litt på di eiga slekt.

Et fotografi av en eldre kvinne med sin datter og oldebarn.
Ei oldemor med dotter og oldebarn.

Oppgåve 1

Gå gjennom teksten om kognatisk slektskap. Kva er det som kjenneteiknar denne typen slektskapssystem?

Oppgåve 2

Gå gjennom teksten om kognatisk slektskap. Kva er det som skil denne type system frå matrilineære og patrilineære slektskapssystem?

Oppgåve 3

Sidan slekta blir fordobla for kvar nye generasjon, kan det bli vanskeleg å hugse alle ein er i slekt med. Spesielt vanskeleg kan det vere å ha oversikt over dei eldre generasjonane, som olde- og tippoldeforeldre.

Kva slags føresetnadar meiner du må liggje til rette for at ein skal kunne hugse dei eldre generasjonane ved namn?

Oppgåve 4

I kognatiske samfunn blir slekta fordobla for kvar generasjon. Vi har fire besteforeldre, åtte oldeforeldre og så vidare. Jo lengre bak i tid ein går, jo fleire medlemmar består slekta av.

  1. Kor langt bak i slekta klarer du å hugse medlemmane ved namn? Når du har skrive ned dei du hugsar, kan du spørje personar i slekta di for å kome deg vidare.
  2. Klarer du skilje kven som er på morssida og kven som er på farssida?

Nedanfor er ei lenke til ei side der du kan laste ned eit slektstre og skrive det ut. På den måten kan det bli lettare å halde kontroll på kven som er kven.

Slektstre

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter