Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
  5. Matrilineære slektskapssystemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Matrilineære slektskapssystem

Studiar viser at det finst flest patrilineære og matrilineære folkeslag i verda. I denne teksten skal vi sjå nærmare på matrilineære slektskapssystem, og vise eit døme på eit matrilineært folkeslag.

Et fotografi av en kvinne med to barn.

Slektskap gjennom morslinja

I matrilineære slektskapssystem blir morslinja av slekta prioritert. Det betyr at slektsgruppa di består av dei som er i slekt med mor, mor si mor, mormor si mor og så vidare. Gruppa kan bestå av både mannlege og kvinnelege slektningar. Du er med andre ord knytt – med blodsband – til mor di si slekt, og det er gjennom henne at slekta blir rekna.

Det kan verke som om du i eit slikt system ikkje har andre slektningar enn dei som høyrer til morslinja, men det stemmer sjølvsagt ikkje. I matrilineære system kan du òg ha ein relasjon til far din sin familie, men du identifiserer deg spesielt med morslinja.

Tru kopi?

Så langt verkar matrilineære slektskapssystem som tru kopiar av dei patrilineære systema. Det er heller ikkje rart at vi tenkjer i dei banar, men spegelbiletet er ikkje så openbert som ved første augnekast.

Som i patrilineære system, sit også menn (ofte) øvst på maktstigen, når det kjem til politisk makt, økonomi og rettar. Så sjølv om slekta blir rekna gjennom kvinna, betyr ikkje det at kvinner nødvendigvis har større eller meir makt enn menn. Det er ei vanleg mistyding at ein forvekslar matrilineære samfunn med matriarkatiske samfunn.

Overføring av rettar

Det er ikkje berre maktperspektivet som er med på å skilje matrilineære frå patrilineære folkegrupper. Rettar og privilegium kan også bli overført mellom menn. Her er det likevel eit stort men. Sjølv om overføringa går frå mann til mann, er det ikkje uvesentleg kva for mann det er snakk om. Hos matrilineære folkeslag kan overføringa gå føre seg frå mor sin bror til deg. Altså, frå onkelen din til deg. Dette betyr at rettar og liknande blir overført mellom mannlege slektningar i morslinja. Sjølv om dette ikkje behøver å vere er ein regel, så skjer det ofte. Det er ein signifikant skilnad frå dei patrilineære systema, der farslinja speler ei viktig rolle.

Trobriandarane

I boka Små steder – store spørsmål (2004) nemner Thomas Hylland Eriksen befolkninga på Trobriandarøyene i Papua Ny-Guinea som eit døme på eit matrilineært folkeslag.

Trobriandarane er tradisjonelt sett hagebrukarar. Dei lever av det dei produserer sjølve, og ein av dei viktigaste matsortane deira er rotfrukta jams. Ein skulle tru at befolkninga i eit slikt levesett stort sett produserte all mat til seg sjølv og sitt eige hushald, men det behøver ikkje nødvendigvis vere tilfelle. Hos trobriandarane dyrkar hushaldet jams til dei matrilineære slektningane sine. Mannen i hushaldet gir ofte jams til søstrene sine.

Det verkar altså som om kvart hushald er avhengig av å få mat frå sine matrilineære slektningar, og at trobriandarane er ganske enkle i matvegen. Spesielt viss det berre er snakk om jams. Her er det viktig med nokre avklaringar.

Sjølvsagt et trobriandarane annan mat enn berre jams. Noko anna hadde vore påfallande. Dei kan også dyrke det til eige forbruk (noko kvinner også gjer). I tillegg kan dei gi jams til andre slektningar enn til dei matrilineære, og mannen kan gi bort jams som kona hans har fått av brørne sine. Biletet er med andre ord ikkje så svart-kvitt som ein først skulle tru.

Men kvifor gir dei jams til dei matrilineære slektningane sine? Er det berre for å vere snille med søstrene sine? Det kan vi sjølvsagt ikkje sjå bort frå, men gåvene har også ein annan og meir politisk grunn. Ved å gi jams til søster si (og dermed til svogeren sin), kan han få nyttige allierte. Sidan det er mannen som har ansvaret for jamsen, skuldar han svogeren ei teneste, og den tenesta kan til dømes betalast i politisk lojalitet. Her kan ein kanskje påstå at jo fleire svograr, jo betre er det.

I tillegg har jamsen ei økonomisk side. Viss du klarer å opparbeide deg nok jams, kan du bruke det til å investere i nyttige reiskapar og objekt som gir deg status.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter