Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
  5. Patrilineære slektskapssystemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Patrilineære slektskapssystem

Det finst fleire forskjellige måtar å rekne slekt på. I nokre samfunn er morslinja viktigast, mens ein i andre samfunn reknar slekta gjennom både mors- og farslinja. Her skal vi sjå på såkalla patrilineære slektskapssystem, der ein reknar slekta gjennom farslinja.

Et fotografi av far og sønn i en sofa.

Slektskap gjennom farslinja

I patrilineære slektskapssystem blir gruppemedlemskap overført gjennom farslinja. Det betyr at slektsgruppa du høyrer til består av søskena dine, far din, søskena hans, far sin far og søskena hans igjen. Personar er med andre ord lenka berre gjennom mannsledd, som dei identifiserer seg spesielt med.

Det er viktig å understreke at medlemmar i patrilineære system også har slektningar på morssida. Det er ikkje slik at slekta stoppar ved farslinja, men det er far si slektslinje dei identifiserer seg med, og denne slektslinja gruppemedlemskap blir overført gjennom.

Makt

Denne typen system kan ofte pregast av ei skeiv maktfordeling. Rettar, politisk makt og ressursar er det stort sett berre menn som har, og dei blir gitt vidare gjennom farslinja. Kvinner sit svært sjeldan i maktposisjonar. Men sjølv om dette er tendensen, kan vi ikkje gå ut frå at det gjeld alle samfunn.

Nuarane, slektskap og konfliktar

Det finst mange døme på folkeslag som organiserer slekta i eit patrilineært system, og mange av dei samfunna antropologar har studert har vore patrilineære. I denne teksten skal vi ta ein nærmare kikk på nuarane frå Sør-Sudan, og korleis slektskapssystemet påverkar deira handtering av konfliktar.

Nuarane er eit nomadisk folkeslag som hovudsakleg livnærer seg på kvegdrift. Dei blei for alvor gjort kjende gjennom Edward Evan Evans-Pritchards studiar på 1930-talet. Han gjorde detaljerte og langvarige studiar av dei, og slektskap var eit av hovudfokusa hans.

Når det kjem til slektskap, er nuarane medlemmar av patrilineære slektsgrupper. Gruppetilhøyrsla blir arva frå far til barn, og denne tilhøyrsla kan få konsekvensar for kven dei er lojale mot. I utgangspunktet er dei først og fremst lojale overfor si eiga slektsgruppe på farssida, spesielt nære slektningar.

Et fotografi av en nuer som passer på kvegflokken sin.
Kvegflokken til ei gruppe nuarar

Viss det oppstår ein konflikt omkring beiteområde, eller det skjer eit kvegtjuveri, vil dei ofte støtte den personen dei er nærmast i slekt med. Har ein fetter stole eit kveg, vil konflikten stå mellom dei to fetrane og deira nærmaste slektningar. Men viss ein fjern slektning derimot har øydelagt nokon sitt beiteområde, vil fetrane slå seg saman mot «forbrytaren», som vil få hjelp av sine nærmaste slektningar igjen.

Lojalitetsbandet følgjer med andre ord eit visst mønster: eg mot bror min, eg og bror min mot fetrane våre, eg, bror min og fetrane våre mot fjerne slektningar. Lojaliteten følgjer mannslinja så langt det lar seg gjere, og talet på støttespelarar blir større eller mindre, avhengig av kven dei er i konflikt med. Til sjuande og sist kan alle nuarane støtte kvarandre, spesielt viss dei er i konflikt med andre grupper.

Slektskap og lojalitet

Nuarane sitt slektskapssystem påverkar altså korleis dei handterer konfliktar. Dei er lojale til farslinja, og hjelper sine nærmaste slektningar når konfliktar oppstår. Kven dei støttar, er avhengig av kven som er i klammeri med kven.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter