Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
  5. FamilietreChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Familietre

Illustrasjon av familietre. Tegning.

Med utgangspunkt i ein familie skal du lage eit "familietre". Du skal ta føre deg 3 generasjonar på morssida og/eller farssida. Det kan til dømes vere din eigen familie. Det speler inga rolle om det er få eller mange familiemedlemmar, det viktigaste er å forsøkje følgje morslinja og/eller farslinja, og beskrive kjenneteikn ved dei ulike ledda.

Du kan gjerne teikne dette opp som eit familietre, og leggje notat om familien som tabell ved sidan av treet.

Finn ut følgjande, og lag tabell/notat for kvart punkt dersom du finn det ut:

  • kor mange barn på kvart ledd/generasjon
  • gift/ugift/skild
  • alder når ekteskap blei inngått
  • foreldre sin alder når barn blei fødd
  • utdanning/yrke
  • kjernefamilie/storfamilie
  • bustad (bygd eller by)
  • finst det særskilte tradisjonar som blei/blir varetatt

Når du har fått oversikt over familietreet: Sjå på notata og sjå om det har skjedd endringar i familiemønsteret over tid. Har det til dømes blitt fødd færre eller fleire barn ved kvar generasjon? Har alder ved ekteskap endra seg eller ikkje? Finst det tradisjonar som følgjer familien og slekta, eller har dei blitt endra eller blitt borte mellom generasjonane?

Samanlikn ditt familietre med ein medelev sitt, og diskuter årsaker til eventuelle likskapar og forskjellar i familie- og slektskapsordningane med utgangspunkt i kva for samfunn og kultur dei ulike generasjonane lever og levde i.

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter