Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tidsreise – familien i endring

I denne oppgåva skal du sjå nærmare på familiemønsteret i Noreg frå 1950-talet til 1990-talet, og sjå på kva som kjenneteikna familien som institusjon i dei ulike tidsepokane. Deretter skal du drøfte og reflektere over trekk ved familieordningar i samfunnet i dag. Ta notat undervegs medan du ser filmklippa og svarer på spørsmåla til kvart klipp.

1950-talet:

Kva kjenneteiknar familien på 1950-talet, ifølgje sosiolog Ivar Frønes?

Stikkord: kulturell ide, den moderne familien, barn sine fritidsarenaer.

1960- og 1970-talet:

Kva kjenneteiknar familien på 1960- og 1970-talet, ifølgje forskar Jørgen Lorentzen og professor Gro Hagemann?

Stikkord: yrkesaktive kvinner, mannen som forsørgjar, farsrevolusjon, kvinnekamp.

1980-talet:

Kva kjenneteiknar familien på 1980-talet, ifølgje Lorentzen og Hagemann?

Stikkord: skilsmisser, foreldrerolla, familierevolusjon, barns eigenverdi.

1990-talet:

Kva kjenneteiknar familien på1990-talet, ifølgje Lorentzen og Hagemann?

Stikkord: mangfald, multifamiliestruktur, mannsrolla, einpersonshushaldningar, familiemønster.

Familien i samfunnet i dag. No er det din tur!

  • Kva meiner du kjenneteiknar familien som institusjon i det norske samfunnet i dag? Sjå på notata dine frå videoklippa du har sett. Kva har endra seg, eller ikkje endra seg, når du samanliknar før og no? Kva er årsaker til endringane?
  • Velferdsstaten har overteke mange av funksjonane familien hadde før, det vil seie at roller og oppgåver familien har hatt, blir i dag delvis eller heilt vareteke av ulike offentlege tiltak eller institusjonar. Dette kallar vi funksjonstapping av familien. Kan du gi nokre eksempel på slike funksjonar som det offentlege har heilt eller delvis teke over? Kvifor er det blitt slik i det norske samfunnet, trur du?

(Tips: Du kan også ta ein titt på Velferdsstaten).

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter