Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
  5. Sosialantropologi og slektskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosialantropologi og slektskap

Sosialantropologar har lenge vore opptatt av slektskap. Kva i alle dagar var det som gjorde slektskap så viktig? Kvifor var antropologar så opptekne av å undersøkje slektskapsformer?

Et fotografi av en ung gutt og gammel dame som spiller kort ved et kjøkkenbord.
Barnebarn og bestemor i hyggjeleg lag

Kvifor antropologar har vore opptekne av slektskap

I enkelte kretsar blei antropologi humoristisk omtalt som kinshipology. Andre fagområde stilte seg med andre ord forundra til antropologar si stadige interesse for slektskap. Lite visste dei at antropologar hadde oppdaga kor viktig familie og slekt var i enkelte samfunn.

For mange samfunn er slektskapet sjølve grunnpilaren i samfunnet, særskild i det vi kallar for ikkje-industrialiserte samfunn. Det er denne typen samfunn antropologar tradisjonelt har vore opptekne av. No må det sjølvsagt peikast på at slektskap også er viktig i moderne område, men i tradisjonelle samfunn har slektskap og politisk styresett ofte gått hand i hand, eller så har det spelt ei sentral rolle for organiseringa av samfunnet. I slektsbaserte samfunn har slekta på mange måtar dei rollene som staten har i meir moderne samfunn.

I tillegg skal vi ikkje sjå bort frå det openberre. Familie og slekt er kjelder til tryggheit, kunnskap, identitet og nærleik. Står ein utan familien sin, mister ein òg mykje av stabiliteten i livet. Samtidig er samfunnet avhengig av at medlemmane forplantar seg. Utan slekters gang vil samfunna sakte, men sikkert, forvitre.

Slektskap har også vore viktig for å forstå overføring av samfunnsmedlemskap, rettar og ressursar. Kven som skal få kva, er ofte avhengig av korleis slekta er organisert.

Det er med andre ord mange årsaker til at antropologar til tider har vore oppslukte av slektskap. Ikkje berre har det vore viktig for å forstå korleis samfunn har vore organisert, og korleis dei har overlevd, men det har også vore sentralt for å skjøne korleis samfunnsmedlemmane oppfattar seg sjølve.

Ulike perspektiv på slektskap

Vi skal i ein seinare tekst gå nærmare inn på korleis sosialantropologar ser på slektskap og ekteskap. Likevel kan det allereie her vere fruktbart å nemne nokre sentrale element om korleis antropologar stiller seg til temaet. På den måten får vi eit lite overblikk før vi fordjupar oss i emnet.

Antropologar har stort sett brukt to perspektiv i studiet av slektskap. Mange har teke i bruk det vi kallar for avstammingsteoriar. Desse teoriane seier at gruppemedlemmane stammar frå felles forfar eller formor. Sjølv om mange meiner at desse teoriane er dei viktigaste, er det likevel fleire som soknar til det vi kallar for allianseteoriar. Dei går ut på at grupper dannar viktige alliansar gjennom ekteskap. Slike alliansar kan blant anna vere viktige med tanke på politisk og militært samarbeid, alt avhengig av kva for behov som må dekkast. Altså betyr dette at ekteskapet knyter grupper, og ikkje individ, saman.

Ifølgje Thomas Hylland Eriksen er det mange som vil argumentere for at avstammingsteoriar ofte kan bli brukt for å forstå ei rekkje afrikanske samfunn, medan allianseteoriar vil vere nyttige når det kjem til å studere korleis slektskap i melanesiske samfunn blir organiserte. Døme på det siste kan vere urfolksgrupper på Ny-Guinea.

Seks måtar å rekne slektskap på

Viss vi ser bort frå dei to overordna perspektiva, kan ein trekkje fram seks moglege måtar å rekne slektskap og overføring av gruppemedlemskap på:

1. Patrilineært: Slektskapet blir rekna gjennom farslinja.

2. Matrilineært: Slektskapet blir rekna gjennom morslinja.

3. Dobbelt: Nokre delar av slektskapet og arven blir rekna gjennom morslinja, medan andre delar av arven blir rekna gjennom farslinja. Dei to slektslinjene blir haldne åtskilte.

4. Kognatisk: Slektskap og arv blir overført gjennom begge slektslinjene.

5. Parallelt: Her overfører menn rettar til sonene, medan kvinner overfører sine rettar til døtrene. Dette er ein sjeldan slektskaps- og arvevariant.

6. Kryssande: Ein sjeldan motsetnad til den førre, der menn overfører arv og rettar til døtrene sine, medan kvinner overfører arv og rettar til sonene sine.

Uansett kva for namn ein bruker, så dreier det seg i stor grad om kven ein er i slekt med og kva for rettar som følgjer slektskapet. Korleis rettane blir fordelte, varierer frå gruppe til gruppe. I nokre samfunn blir farssida prioritert, medan andre samfunn igjen prioriterer morssida. Dette viser berre at det er stor variasjon i korleis ein reknar slektskap. Det som verkar vanleg for oss, treng ikkje å vere fasiten i andre delar av verda.

Kilder

Hylland Eriksen, Thomas 2004. Små steder - store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter