Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
  5. Familie og samlivsformerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Familie og samlivsformer

Mann som holder sønn. Baby. Foto

Familien finst i ei eller anna form i alle samfunn. Det er den første sosiale gruppa vi blir medlemmar av, og det er i denne gruppa vi får våre første inntrykk. Erfaringane frå familien er gjerne så grunnleggjande at inntrykka varar hele livet. Det er i familien den livslange sosialiseringsprosessen startar.

Kva er en familie?

Korleis skal vi definere ein familie? Sjølv om alle menneskegrupper i verda organiserer seg sjølve i familiar, finst det så mange variantar at det kan vere vanskeleg å definere eksakt kva ein familie er.

Vi tenkjer kanskje på ein familie som til dømes ein eller to vaksne med barna sine, men i nokon kulturar finst det familiar der ein mann har fleire koner (polygyni), og familiar der ei kvinne har fleire menn (polyandri). Familieforhold som består av fleire ektefeller, blir kalla polygami. Om vi definerer familien som ei gruppe der barn blir fødde, utelèt vi Banarostammen på Ny-Guinea; der kan ikkje ei kvinne gifte seg før ho har fødd barn, og ho kan ikkje gifte seg med den personen som er far til barnet. Ulike kulturar har ulike oppfatningar og kulturelle kjenneteikn for kva ein familie er.

For å dekkje dei fleste variantane, kan vi seie at en familie består av to eller fleire menneske som ser på seg sjølve som slektningar enten på grunn av blod, sambuarskap, partnarskap, ekteskap eller adopsjon.

Familien sine oppgåver

Familien sine oppgåver varierer frå samfunn til samfunn. Nokre oppgåver er sentrale og felles for dei fleste samfunn, medan andre er spesielle for enkelte samfunn. Familien har mange oppgåver felles med andre sosiale institusjonar, til dømes rekruttering av samfunnsmedlemmar og som sosialiseringsarena.

I mange samfunn er også familien ein arbeids- og produksjonsfellesskap. Særlig gjeld dette primærsamfunna. I dag er funksjonen som forbruksfellesskap langt sterkare. Det betyr at familien fungerer som ei eining der medlemmane forbrukar og nyt mange av dei goda som blir fordelte i samfunnet.

Familien har ofte desse oppgåvene:

  • Følelsesfellesskap. Det betyr at ektefeller eller par er knytte til kvarandre gjennom følelsar. Dette er ein langt viktigare funksjon i vestleg familietradisjon enn til dømes innanfor afrikansk familietradisjon.
  • Ramme for seksualliv, produksjon og reproduksjon. I det monogame ekteskapet/parforholdet er seksuallivet og følelsesfellesskapen nært knytte til kvarandre. I det polygame ekteskapet er arbeidsfellesskapen truleg viktigare enn seksuallivet og følelsesfelleskapen.
  • Økonomisk sikkerheit. Dei sosiale trygdeordningane har svekka familien sine oppgåver på dette området. Men i til dømes afrikanske samfunn er økonomisk sikring ei sentral oppgåve.
  • Sosialiseringsarena. Felles normer, verdiar og haldningar for familien som gruppe blir oppretthalde og vidareført.

Samfunnstypar og familieformer

Kva som er den dominerande familietypen i et samfunn, heng tett saman med samfunnstypen. Jordbrukssamfunnet har si familieform, medan kunnskaps- og informasjonssamfunnet si. I jordbrukssamfunnet er det vanleg med ulike former for storfamiliar, medan den vanlegaste familieforma i Noreg i dag er kjernefamilien. Men familieformene har endra seg i det norske samfunnet i dag, og nye familieformer har oppstått som følgje av endringar i samfunnet.

Endringar i samfunnet har også betydd at rollene i familien er endra. Dei tradisjonelle kjønnsrollene har endra seg. Kvinner arbeider stort sett utanfor heimen, og arbeidsoppgåvene i eit hushald blir i større grad fordelte uavhengig av kjønn i den vestlege verda.

Familien i endring – nye samlivsformer

På verdsbasis er det kulturelle forskjellar i familiemønster. I nokre område av verda blir dei tradisjonelle familiemønstra endra sakte, medan i enkelte i-land skjer endringane raskt. Familiemønstra blir påverka av fleire faktorar, som til dømes sysselsetting/jobbmoglegheiter og flytting frå bygd til by.

Når samfunnet endrar seg, endrar også samlivsformene og haldningar til dei seg. I Noreg var nok den vanlegaste samlivsforma ekteskap på femtitalet, men i løpet av dei siste tiåra har talet på sambuarar auka. I aldersgruppa 25–29 år har andelen sambuarar vore stabil på rundt 40 % dei siste ti åra. For dei over 30 år har det blitt fleire sambuarar. Deretter går andelen sambuarar ned med alder. Fleire over 30 år vel altså å bu saman utan å gifte seg. Talet på einpersonhushald aukar – fleire bur også aleine.[1]

Søylediagram andel samboere 1993 - 2016. Foto
Andel sambuarar i ulike aldersgrupper, 1993–2016

Litteratur:

Haslie, A. (2013, 11. januar). Folk flest er familie. Hentet fra https://www.sv.uio.no/iss/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2013/folk-flest-er-familie.html

  1. 1«Færre unge og flere eldre samboere». Statistisk Sentralbyrå. SSB.no. 2018.

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter