Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Familie- og slektskapsordningarChevronRight
  5. Klasse avgjer oppsedingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klasse avgjer oppseding

– I ein typisk arbeidarklassefamilie får barn vere barn og leike for seg sjølve, mens middelklassen intenst følgjer opp barna sine mange initiativ og er opptekne av læring på alle områda i livet. Ulikskapane i foreldreskap bidreg til at klassar blir reproduserte gjennom generasjonar, seier sosiolog Kari Stefansen.

Portrett av familie med to barn. Foto.

Det var i doktorgradsavhandlinga Foreldreskap i småbarnsfamilien: Klassekultur og sosial reproduksjon at Kari Stefansen forska på ulikskap i foreldreskap.

Trass forskjellane ho fann i synet på barn og foreldreskap, fortel Stefansen at det likevel finst eit tydeleg foreldreideal i Noreg:

– Det er ei vanleg oppfatning at det er middelklassen sine familieverdiar som dominerer, slik at kulturelle verdiar om foreldreskap kjem herifrå, seier ho. Dette reflekterast mellom anna i kva for velferdsordningar som kjem frå staten, som til dømes pappaperm og motstand mot kontantstøtta, meiner ho.

Alltid budd for barnet

Stefansen sine arbeidarklassefamiliar hadde typiske manuelle jobbar, eller rutineprega kontorjobbar, der andre bestemte over arbeidstida deira. Middelklassefamiliane hadde også typiske trekk, som høgare utdanning og arbeid i friare, akademiske yrke. Nokon hadde også leiarstillingar.

– Kva for verdiar er det middelklassen forfektar når det gjeld foreldreskap?

– Gjennom ein casestudie og intervjurundane fann eg at det sentrale er kva slags blikk middelklassen bruker når dei ser på barnet sitt. For korleis ein ser barnet, er jo ikkje berre ein nøytral observasjon, men ein sosial konstruksjon, forklarer Stefansen. Middelklassen sitt blikk fokuserer på kva som gjer barnet deira til eit unikt individ. Den familien Stefansen studerte, var veldig oppteken av at deira to år gamle dotter var eksepsjonelt tidleg ute med til dømes språk og sosiale eigenskapar.

– Ho blei sett på som robust, og at ho hadde eigendriv og mykje initiativ, seier Stefansen, som legg til at dette blikket betyr at foreldra heile tida står i beredskap. Alle initiativa frå barnet skal jo følgjast opp. Barnet står i fokus, og det å følgje henne opp skjer naturleg.

– Barnet skal få all hjelp og støtte til å bli den beste utgåva av seg sjølv, seier Stefansen, og legg til at dette opplagt kan vere krevjande for foreldra.

– Middelklassen held på med eit veldig krevjande foreldreprosjekt, og det kan også vere krevjande å vere eit middelklassebarn og bli sett og følgt opp heile tida.

– Kvifor er middelklassen så oppteken av at barna til ei kvar tid skal følgjast opp?

– Vi lever i ei tid som er mykje meir barnesentrert enn før. Nye idéar om barn og barn sine rettar blir raskt tekne opp i middelklassekulturen. Stefansen gjorde ikkje tilsvarande casestudie av ein arbeidarklassefamilie, men ho meiner at dette intense stimuleringsprosjektet ikkje er der.

– Korleis reproduserer dette klasseskilnader?

– Når eit middelklassebarn opplever ei så intens merksemd frå foreldra, forventar det å bli følgt opp og får eit sjølvbilete som ein aktør som skal reknast med og bli gitt spesiell merksemd. Ein lærer at andre skal lytte når ein sjølv snakkar, og ein lærer å snakke slik at dei lyttar, seier Stefansen, og seier at barnet som konsekvens lærer å ta plass frå andre.

– Men i arbeidarklassen er det ikkje nødvendigvis slik at foreldre følgjer opp barna på denne intense måten. I staden får barnet større anledning til å vere barn, saman med andre barn, i åtskilde sfærar frå foreldra. Dei lærer ikkje det same, og dei opplever ikkje den same retten til å ta plass frå andre, meiner Stefansen.

Klasseforståing blir stadig viktigare

Stefansen seier at sjølv om det er skrive mykje om kjønn og fordeling av arbeid mellom mor og far innanfor familieforskinga, så er dette som handlar om sosiale forskjellar mellom familiar meir uutforska. Dette trass i at nokre ting knapt endrar seg: Kva for samfunnsklasse ein veks opp i, er framleis svært vesentleg for kva slags liv ein får.

– I avhandlinga belyser eg korleis klasse kjem til uttrykk gjennom foreldreskapet, og kva det er ved det foreldre gjer som bidreg til å «klasseprege» barn. Foreldre har ulike livsvilkår avhengig av kva for klasse de høyrer til, og dette betyr mykje for kva slags foreldre dei er, og kva for verdiar dei overfører til barna sine, seier Stefansen.

Når ein berre fokuserer på kjønn, seier ho, skil ein mellom dei para som er likestilte og dei som er meir tradisjonelle. I sistnemnde grupper finn ein gjerne typiske arbeidarklassefamiliar, og Stefansen ville finne ut korleis verda såg ut frå ståstaden deira.

Dette er ei forkorta utgåve av ein artikkel frå Kilden, kjønnsforskning.no. Du kan lese heile artikkelen her: Klasse bestemmer oppdragelse

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter