Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. KulturomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturforståing – ulike tilnærmingar

Når du skal studere "kultur" i ei eller anna form, må du ta dei sosiologiske "fagbrillene" på!

Ett par røde briller med gate reflektert i glassene. Foto

Når vi skal finne ut korleis vi kan studere kultur, må vi velje ein fagleg innfallsvinkel – og ta på fagbrillene! Vi skal her sjå på nokre måtar å betrakte kultur på, og reflektere over om vår eigen kulturelle bakgrunn – våre eigne kulturelle briller – kan påverke oss som samfunnsforskarar.

Det beskrivande kulturomgrepet

Forskarar som bruker det beskrivande kulturomgrepet, er i store trekk einige om følgjande: Kultur kan avgrensast til eit folk eller ei gruppe som har enkelte fellestrekk som byggjer på fortida og endrast langsamt. Ein kan til dømes sjå på norsk kultur, ungdomskultur og organisasjonskultur. Her går ein ut frå at alle i ein kultur deler verdiar, reglar og normer, ein essens, og denne essensen er mogleg å beskrive objektivt. Ei beskrivande kulturforståing nøyer seg med å beskrive ulike menneskelege aktivitetar eller livsformer. Poenget er at ein ikkje skal felle nokon dom over kulturelle aktivitetar, men beskrive ein kultur objektivt.

Den norske antropologen Arne Martin Klausen definerer kultur slik: "...ideer, verdier, regler, normer, koder og symboler som et menneske overtar fra den foregående generasjon, og som man forsøker bringe videre - oftest noe forandret - til neste generasjon". Kultur er med andre ord "alt vi lærer om rett og galt, stygt og pent, nyttig og unyttig, om daglig adferd og meningen med livet". (Klausen 1992:27)

Det å beskrive essensen i ein kultur, altså fellestrekka i ein kultur, kan vere nyttig i nokon samanhengar, men problematiske i andre. Er det til dømes mogleg å seie kva essensen i norsk kultur er? Vil alle nordmenn vere einige i kva det er? Desse problemstillingane bringer oss vidare til ei anna tilnærming til kulturomgrepet; det essensialistiske kulturomgrepet.

Det essensialistiske kulturomgrepet

Dette kulturomgrepet blir brukt som forklaring på at folk handlar som dei gjer. Ein går ut frå at ein kultur deler ein essens – nemleg felles verdiar, reglar og normer, som er historisk stabile og endrast lite, og blir halden i hevd over lang tid.

Det vil ofte vere knytt stereotypiar til ei essensialistisk kulturforståing, av typen "alle nordmenn er fødde med ski på beina". Kultur er altså noko som karakteriserer ei gruppe, en subkultur, det enkelte samfunnet eller nasjonen. Norsk kultur er til dømes ulik dansk og svensk kultur, og vesentleg forskjellig frå japansk kultur.

Omgrepa delkulturar eller subkulturar blir brukt om undergrupper av meir omfattande grupper. Eit jentefotballag kan vi sjå på som ein subkultur av skulekulturen, som igjen er ein subkultur av ungdomskulturen.

Så langt har vi sett på to ulike tilnærmingar – den eine som tar utgangspunkt i å beskrive ein kultur så objektivt som mogleg, og ein som tar utgangspunkt i at ein kvar kultur har ein form for essens. Men korleis kan vi forstå ein kultur som stadig er i endring og som stadig blir meir mangfaldig?
Vi treng ei kulturforståing og eit kulturomgrep som gir oss moglegheita til nettopp det: ei dynamisk kulturforståing.

Det dynamiske kulturomgrepet

Globaliseringa i våre dagar har ført til at den beskrivande og essensialistiske kulturforståinga har kome under kritikk, ikkje minst av sosialantropologane sjølv. Dei har sett at desse tilnærmingane ikke fangar opp at kulturar endrar seg.

Den norske sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen seier at kultur "...er ikke udelelige pakker av skikk og bruk som man enten har eller ikke har. Mennesker er kulturelle blandingsprodukter." (Eriksen 1994:14)

I våre dagar er det ikkje mogleg å avgrense kulturane verken geografisk eller tematisk. Kulturar kan ikkje beskrivast som "båsar" ein kan putte menneske inn i, kulturar er ikkje homogene einingar vi kan forklare menneske ut frå. Kulturen må forståast mykje meir dynamisk.

Hylland Eriksen har ei dynamisk tilnærming når han definerer omgrepet på følgjande måte: "Kultur er det omskiftelege meiningsfellesskapet som gang på gang etablereres og forandres når mennesker gjør noe sammen." Forskarar som bruker dette dynamiske kulturomgrepet, er stort sett einige om følgjande: Kultur er noko ein gjer, ikkje noko ein har. Kultur blir skapt mellom menneske når dei kommuniserer med kvarandre. Derfor er han alltid i forandring. Kultur er arenaer der konkurrerande oppfatningar møtast og stridast.

Forenkla kan vi seie at kultur er vår stadige nyfortolking av situasjonen i møte med andre: "Eg blir til i møte med deg".

Er det mogleg å beskrive kultur heilt objektivt? Kva med kulturfilteret?

Vi har alle med oss vår eiga oppfatning av rett og gale, kva som er fint/stygt, og kva vi oppfattar som "normalt" i eit samfunn – med andre ord dei "brillene" vi ser på kultur gjennom. Brillene er eit kulturfilter. Men kan vi "kle av" oss vår eigen kulturelle bakgrunn heilt og halde når vi skal ta på oss "fagbrillene"? Neppe. Korleis vi betraktar verda vil vere prega av korleis vi har blitt forma som menneske i dei kulturene og samfunna vi er ein del av.

Normer er ein verdimålestokk, og kulturforståing kan vere normativ. Som samfunnsforskar er det derimot ikkje vår jobb å vurdere om noko, og i så fall kva, er rett/gale, vakkert/stygt. Som samfunnsforskarar kan vi sjå på årsaker til ulike verdiar og normer i ulike kulturar.

Til dømes: Innanfor latinamerikansk kultur har ein sterk tru på skjebnen (fatalisme). Derfor er det ikkje uvanleg at latinamerikanarar kan motsetje seg legebehandling. Dei meiner at lagnaden deira allereie er avgjord, og at behandling ikkje gjer noen skilnad. I norsk kultur er det nok motsett: ei overtyding om at det rette å gjere når ein er sjuk, er å få behandling i helsevesenet.
Med andre ord har vi ulike normative kulturelle verdiar i form av haldningar.

Ei normativ tilnærming er nyttig når ein skal vurdere noko, men som samfunnsforskar jobbar vi med å beskrive og analysere. Då kan ei beskrivande eller ei dynamisk kulturforståing vere eigna verktøy, og då tar vi på oss fagbrillene!

Omgrep

  • beskrivande kulturforståing
  • essensialistisk kulturforståing
  • dynamisk kulturforståing
  • normativ
  • kulturfilter

Litteraturliste:

Eriksen, Thomas Hylland (1994) Kulturelle veikryss. Oslo. Universitetsforlaget.

Klausen, Arne Martin (1992): Mønster og kaos. Oslo. Gyldendal.

Læringsressursar

Kulturomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter