Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. KulturomgrepetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvifor lære omgrep?

I dei samfunnsvitskaplege faga er det eit mylder av omgrep og faguttrykk. Kanskje tenkjer du at det er mykje pugging av definisjonar? Det er mange grunnar til at vi må kunne bruke og forstå sentrale omgrep i eit fag.

Hoder som tenker. Ilustrasjon
Same måte å tenkje på?

Kvifor må vi definere sentrale omgrep?

Kva tenkjer du på når du til dømes høyrer ordet "kultur?" Sjølv om vi kanskje tenkjer på mykje av det same, vil vi nok ha ulike assosiasjonar og forståing av kva "kultur" er. I daglegtale forstår vi ofte kva vi meiner gjennom dialogen, men i ein fagleg kontekst treng vi eit presist omgrepsapparat. Ein sosiolog vil definere omgrepet "kultur" ut frå rolla si som samfunnsvitar. Det inneber ei anna forståing og bruk enn til "kvardagsbruk".

Når du til dømes skal skrive fagtekstar, må du avklare sentrale omgrep i teksten din, fordi omgrep også er verktøy for korleis du analyserer og drøftar i teksten. Ved at du avklarer sentrale omgrep, viser du at:

  • du veit kva du snakkar om.
  • du bruker fagterminologien for det aktuelle faget, ikkje "kvardagsspråk/daglegtale", og språket blir meir presist og formelt.
  • du er klar over at det finst andre definisjonar og fortolkingar av omgrepet.
  • du unngår misforståingar ved at du viser kva for definisjon du legg til grunn i teksten din, det blir tydeleg for lesaren av teksten din.
  • du lærer omgrep ved å bruke dei aktivt, både skriftleg og munnleg, og du utviklar ordforrådet ditt.
  • du kan sjå samanhengar i faget og held fokus på kva som er sentralt for faget.

Hugs at du kan mykje allereie! Når du bruker omgrep, set du ord – og riktig ord – på det du kan!

Døme: "norsk kultur"

Du blir beden om å reflektere og idémyldre kring emnet "norsk kultur". Du tenkjer kanskje først og fremst på symbol, aktivitetar, språk eller anna som du assosierer med "norsk kultur".
Kanskje tenkjer du på at det er nokre forventningar til livsstil og åtferd, kanskje tenkjer du på at vi deltek på ulike arenaer gjennom livet, som familien, skule og arbeidsliv? Og kanskje tenkjer du at det ikkje går an å seie at noko er berre "norsk kultur?"

Først må du ha klart for deg kva vi meiner med "kultur". Du treng ei omgrepsavklaring. Du vel å forstå "kultur" som "[...] verdier medlemmer i en gruppe har, normene de følger, og de materielle tingene de skaper". Denne omgrepsdefinisjonen er frå Giddens, ein kjent britisk sosiolog.

Ut frå denne definisjonen ser du at det du er ute etter, er felles verdiar, normer og materielle objekt som kan kjenneteikne "norsk kultur". Det kan også vere at du tenkjer "norsk kultur" består av mange ulike grupper. Då får du behov for fleire omgrep knytt til kultur: subkultur, delkultur, hovudkultur og parallellkultur. Når du skal sjå på normer, vil du også få bruk for omgrep som normbrot, sosiale avvik og sanksjonar. Kanskje tenkjer du at kjønn vil vere viktig for å beskrive ulike forhold ved "norsk kultur" – då treng du omgrep som kjønnsroller og kjønnsrollesosialisering.

Når du skal lære deg omgrep, skjer det i fleire trinn:

  1. gjere deg kjent med omgrepet.
  2. forklare omgrepet for deg sjølv og andre.
  3. bruke omgrepet.[1]

Å lære seg omgrep er ikkje berre "pugg og hugs", men ein aktiv læringsprosess med fleire nivå. Du lærer, bruker og nyttar omgrep, og du utviklar både fagspråk og kunnskap.

Litteratur:

Giddens, A., Duneier, M., Appelbaum, R. P. & Carr, D. (2016). Introduction to sociology. (10. utg.). New York: W. W. Norton & Company.

  1. 1«Forståelse og bruk av fagbegreper». Utdanningsdirektoratet. 2016.

Læringsressursar

Kulturomgrepet