Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. KulturomgrepetChevronRight
  5. Kulturrelativisme og etnosentrismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kulturrelativisme og etnosentrisme

Kulturrelativisme og etnosentrisme handlar om kva vi legg til grunn når vi skal forstå ulike trekk i samfunnet. Tek vi utgangspunkt i verdiar og ideal i den kulturen vi sjølve er ein del av, eller forsøkjer vi forstå andre sin kultur ut frå deira ståstad?

Kvinne med niqab og kvinne med solbriller. Illustrasjon.

Å forstå andre samfunn og kulturar

Ein grunnleggjande føresetnad for å forstå andre samfunn og kulturar, er at vi må forstå eit samfunn og ein kultur ut frå deira eigne føresetnadar. Ein slik måte å sjå andre samfunn og kulturar på, kallar vi kulturrelativisme.

Vi kan ikkje leggje våre eigne synspunkt, verdiar og vår eigen målestokk til grunn for kva som er god livskvalitet og "riktig" måte å leve på i eit framand samfunn og ein annan kultur. Skal vi forstå og analysere korleis andre menneske har det, må vi lære oss å forstå heile erfaringsverda og tenkjemåten deira. Vi må med andre ord forsøkje å forstå korleis andre samfunn og kulturar fortonar seg innanfrå. Alt menneske gjer, må vi forstå i deira eigen samanheng.

Kulturrelativisme er likevel ikkje det same som haldningsløyse! Kulturrelativisme gir oss moglegheit til å utforske og samanlikne ulike samfunn utan å vurdere dei i forhold til bestemte moralske verdiar. Å utforske noko vil ikkje seie det same som å godta det. I Noreg blei det til dømes hausten 2018 forbode med ansiktsdekkande hovudplagg i undervisningssituasjonar. Som samfunnsforskarar bør vi forsøkje forstå kvifor ansiktsdekkjande hovudplagg blir brukte i bestemte kulturar, uavhengig av kva slags personleg meining vi har om saka.

Etnosentrisme vil seie at vi vurderer eit anna samfunn og ein annan kultur med vårt eige samfunn og vår eigen kultur som målestokk. Verdiar, tenkjemåtar, haldningar og handlingar i vårt eige samfunn blir sett i sentrum og betrakta som det beste og mest riktige, og framande kulturar blir vurdert i forhold til dette.

Ein slik tenkjemåte er ikkje akseptert blant samfunnsforskarar. Det lèt seg ikkje gjere å seie at eit samfunn er "betre" enn eit anna. Alle samfunn har si eiga oppfatning av, og sin eigen definisjon av, kva som er "det gode liv".

Kva for "hatt" har du på?

Til kvardags er nok dei fleste av oss meir eller mindre etnosentriske, det er ganske menneskeleg og naturleg å ta utgangspunkt i eigne verdimål når vi vurderer andre sin kultur. Men når du har hatten "samfunnsforskar" på, er det andre krav til korleis du drøftar og analyserer andre sin kultur. Som samfunnsforskar må du vere objektiv og nøytral, og som tidlegare nemnt må du forstå andre sin kultur ut frå deira perspektiv.

Diskuter spørsmålet "Er det riktig å forby ansiktsdekkjande hovudplagg i undervisningssituasjonar?" i par eller grupper, med sosiologi og sosialantropologi-hatten på!

Læringsressursar

Kulturomgrepet

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter