Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Massemedium, teknologi og kommunikasjonChevronRight
  5. Medium – endring og utviklingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medium – endring og utvikling

Ny teknologi gjer at massemedia når ut til fleire menneske enn før, og over store geografiske område. I dag kan du lese lokalaviser frå andre verdsdelar på nett, og gjennom sosiale medium kan du bruke og dele store mengder informasjon.

Aviser og nettbrett

Massemedium

Massemedium er mediekanalar som når fram til mange menneske over eit breitt geografisk område, og ofte på kort tid. Dette er TV og radio, dagspressa i form av nettaviser, og i tillegg trykte medium som blad og bøker.

Internett og annan teknologi gjer at vi raskt får tilgang til mange massemedium, og på den måten kan vi skaffe oss enorme mengder informasjon.

Teknologi har òg endra medievanane våre. For eksempel les ungdommar og unge vaksne bøker i mindre grad no enn tidlegare, og for ungdom har internett passert TV som den mest brukte kjelda for nyheiter.

Ungdom i aldersgruppa 16-24 år ser langt mindre på TV enn berre for eit par år sidan. Ei forklaring er at ungdom bruker strømmetenester i større grad, og bruker mobiltelefon, nettbrett eller PC til dette.[1]

Internett-aktivisten Eli Parisier meiner vi lever i ei "filterboble", der vi berre tek mot informasjon som er tilpassa oss som brukarar. Ein algoritme gjer at informasjon om oss som brukarar blir brukt til å "skreddarsy" kva slags treff vi får. Dermed får vi berre informasjon som passar med våre eigne oppfatningar, og vi blir utestengde frå andre sine synspunkt. Med andre ord ender dette opp med at vi utelukkande kommuniserer med og tar inn informasjon frå likesinna, og dermed ender isolert i ei eiga kulturell og ideologisk "boble". [2]

Sosiale medium

Sosiale medium er nettsider og appar som gjer at vi kan lage, bruke og dele innhald via nettet.
Eksempel på dette er Facebook, Instagram, Snapchat, Twitter og YouTube. Det finst òg ei rekkje andre nettsider der vi kan kommunisere med andre via nettet.

Blant ungdom er det ein kjønnsforskjell i bruken av sosiale medium: Jenter bruker meir tid på sosiale medium enn gutar gjer. Gutar bruker meir tid på onlinespel, kor dei òg kan kommunisere med andre spelarar. Men for ungdom generelt er sosiale medium blitt den mest brukte kanalen for nyheiter.

Massemedia bruker òg sosiale medium. For eksempel har dei fleste avisene Facebooksider der dei publiserer nyheiter, og lesarane kan kommentere. Avisene kan òg ha eigne kommentarfelt i nettavisene sine.

Sosiale medium kan òg vere ein kanal mot massemedia, og påverke massemedia til å setje fokus på saker dei ser at mange er opptekne av. Sosiale medium blir dermed ein kommunikasjonskanal både til og frå massemedia.

Ein vesentleg forskjell mellom massemedium og sosiale medium er at massemedia har ein ansvarleg redaktør for det som blir publisert, medan i sosiale medium er brukaren sin "eigen" redaktør.

Tastatur med tast for hatprat. Foto

Media – ein arena for hatytringar og falske nyheiter?

Auka bruk av internett og sosiale medium fører til at fleire deltek med meiningsytringar. Dagens teknologi gjer at bodskapar blir spreidde raskare, og når ut til mange. Ei undersøking i 2016 viste at 7 % av nordmenn hadde opplevd hatefulle ytringar via sosiale medium. Kven som er avsendarane, kvifor dei sender slike meldingar og kor mange hatmeldingar som blir sende, veit forskarar framleis lite om. Undersøkinga viste at hatytringar ikkje alltid var motiverte av hat, men at det òg kunne skuldast ein kultur med stygg språkbruk.

Majoriteten av dei som blir utsette for hatytringar, ser ut til å vere minoritetsgrupper og personar med innvandrarbakgrunn. Ytringar retta mot kjønn blir ikkje nødvendigvis omfatta av lovverk, men det betyr ikkje at slike ytringar ikkje blir opplevd som hatefulle av dei som blir utsette for det. [3]

I media møter vi mange påstandar gjennom nyheitene. Nokre nyheiter kan tilsynelatande sjå ut som dei er ekte, og fundert på fakta, men gjennom faktasjekk vise seg å vere heilt eller delvis feil.
Trur du denne påstanden er sann? " Unge meiner det ikkje er viktig å bu i eit demokrati".
Svaret finn du på Faktisk.

  1. 1«Barn og unges mediebruk». Barne-, ungdoms og familiedirektoratet Barne ungdoms og familiedirektoratet. 2018.
  2. 2«Vi lever i en filterboble». Tørdal, R Overland, J.A. 2012.
  3. 3«Hvor vanlig er hatytringer på nett?». Kvale, H.. 2018.

Læringsressursar

Massemedium, teknologi og kommunikasjon

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter