Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Massemedium, teknologi og kommunikasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Massemedium, teknologi og kommunikasjon

Korleis vi blir sosialiserte handlar ikkje berre om korleis familie, vennar og skulen påverkar oss, men også om korleis ulike medium påverkar oss. I tillegg kommuniserer vi stadig meir gjennom forskjellig teknologi, som sosiale medium.

Hånd på mobil og ulike symboler for gjøremål med mobil. Grafisk.

Ny teknologi endrar ikkje berre kommunikasjonsmønster. Det endrar og påverkar også fleire forhold i samfunnet, som arbeidsliv og maktforhold.

Massemedia når ut til fleire menneske enn før, og over store geografiske område. I dag kan du lese lokalaviser frå andre verdsdelar på nett, og gjennom sosiale medium kan du bruke og dele store mengder informasjon. Kva vi les av nyheiter på nett, og bruk av sosiale medium, påverkar oss i større og mindre grad.

Samtidig veit vi at det finst utfordringar og negative sider ved at media når ut til fleire, ikkje minst ved bruken av sosiale medium. Hatefulle ytringar har blitt eit omgrep som ein konsekvens av bruk av medium i dagens samfunn. Vi har sett nærmare på dette.

Læringsressursar

Massemedium, teknologi og kommunikasjon