Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosiale avvikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kriminalitet – også ei form for sosialt avvik?

Kriminalitet er ei spesiell form for sosialt avvik. Det er ikkje berre brot på normene, dei uskrivne reglane i samfunnet, men òg på dei formelle lovene og reglane. Lovgjevarane har bestemt at desse brota på lovverket kvalifiserer for forskjellige former for straff.

En person gjør innbrudd med brekkjern. Foto.

Variasjon i kriminalitet

Kva som er kriminalitet, varierer frå samfunn til samfunn. I Noreg er det til dømes forbode for ein mann å ha fleire hustruer, medan dette i enkelte andre kulturar er eit mål på rikdom.

Synet på kva som er kriminalitet, kan også i nokre tilfelle endre seg over tid. Tjuveri har tradisjonelt alltid vore rekna som kriminelt. Dette har ikkje endra seg. Men det finst handlingar som i dag blir rekna som kriminelle, som tidlegare var fullt lovleg. Tidlegare var det til dømes ikkje rekna som kriminelt å sleppe ureinsa kloakk ut i en fjord. I dag er dette strengt forbode, anten det er ein privatperson, ein offentleg etat eller ein fabrikk som gjer det. Den som bryt forbodet, kan bli meldt og straffa for brot på forureiningslova.

Bruk av straff

Bruk av straff frå samfunnet si side føreset at individet er fritt og ansvarleg, og har evne til å skilje mellom rett og galt. Kvar enkelt lovbrytar skal stå til ansvar for handlingane sine. Dette har i store trekk vore grunnlaget for lovgivinga, kriminalitetspolitikken og strafferettssystemet.

Lovverket har som eit viktig siktemål å verne om den enkelte si velferd og verdiar. Vi har lover og reglar som vernar om rikets sikkerheit, og vi har arbeidsmiljølova, forureiningslova og fornminnelova.

Innanfor tradisjonell kriminalitet har både offer og lovbrytar gjerne vore sett på som individ. Sjølv når det har vore organisasjonar eller institusjonar som står bak lovbrot, er det helst enkeltpersonar som har blitt straffa.

Læringsressursar

Sosiale avvik

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter