Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosiale avvikChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Sosiale avvik og kriminalitet i gråsona

Undervisningsfilmen I gråsonen viser at det kan vere ei tynn grense mellom dei som blir politi og dei som hamnar på feil side av lova. Her skal de drøfte utsegner frå filmen. Sit gjerne fleire saman når de jobbar.

Tre menn går sammen gjennom en undergang. Foto.

Oppgåve

  1. Johnny Brenna er tidlegare politispanar og har jobba med gjengkriminalitet.
    a) I filmen seier han om forholdet til gjengane: "Vi var like, og hadde felles interesser som trening, bil og motorsyklar." Kva trur de han meiner med at dei var like, og kvifor var dette viktig?
    b) Kva for verdiar sette både gjengane og politiet høgt, ifølgje Brenna?

  2. Brenna seier i intervjuet at kvar ein veks opp, og med kva slags foreldre, har noko å seie for kva side ein ender opp på. Er det alltid slik? Diskuter om de er einige. Veit de om døme der ein person til trass for oppvekst ender opp på den andre sida av grensa enn kva ein kunne ha venta?

  3. a) Gjer eit søk på Tveitagjengen. Skriv ned stikkord frå det du fann. Gjer så eit søk på gjengar i dag, og skriv ned stikkord om dei. Hva er forskjellar og likskapar mellom gjengane på 1980-, 1990-talet og i dag?
    b) Finn ut kva politiet og andre gjer for å stoppe gjengkriminaliteten i dag, og kva som blir gjort for å førebyggje denne kriminaliteten.
    c) Vi snakkar gjerne om gjengkriminalitet og sosialisering i gjengar som eit Oslo-problem. Har de døme på liknande grupperingar andre stader i landet? Kva med lokalsamfunnet dykkar?

Læringsressursar

Sosiale avvik

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter