Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosiale avvikChevronRight
  5. Sosiale avvikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale avvik

Sosiale avvik er åtferd som bryt med det vi oppfattar som dei gjeldande normene i eit samfunn.

Vise fingeren. Foto.

Formelle og uformelle avvik

Normer kan vere uformelle og formelle, og dermed kan dei sosiale avvika vere uformelle og formelle. Sosiale avvik kan ha form av alt frå brot på skikk og bruk, via ungdomsopprør eller det å gjere noko annleis enn dei fleste andre, til kriminelle handlingar.

Som oftast vert avvik rekna som noko negativt, men i ein del samanhengar blir det sett på som noko positivt. At nokon bryt normene, kan vere med på å setje press på standardane og bidra til at samfunnet vert utvikla vidare.

Normalitet

Omgrepet normalitet kjem frå norm. Vi må definere kva som er normalt for at vi skal kunne vite kva dei sosiale avvika er. Spørsmål om normalitet og avvik vil variere over tid frå land til land og frå gruppe til gruppe.

Det er dei gruppene som er dominerande i samfunnet som òg vil vere dei som definerer grensene for kva som er sosialt akseptert. Det som blir rekna som sosialt avvik, vil derfor vere eit resultat av makttilhøva i samfunnet. Vi snakkar gjerne om "samfunnsmoralen".

Vi kan seie at normene som finst i samfunnet blir internaliserte. Det betyr at dei gjennom vår oppvekst og sosialisering blir ein del av personlegdomen vår og samvitet vårt.

Tenk over:

  • Kva er normalt i din vennegjeng, og er det nokon som gjer noko som bryt med det normale?
  • Kva er normal oppførsel på bussen eller trikken? Korleis reagerer vi når nokon oppfører seg annleis?

Læringsressursar

Sosiale avvik