Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosial åtferd og sosialt systemChevronRight
  5. Fengselet som sosialt systemChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Fengselet som sosialt system

Eit fengsel kan definerast som eit sosialt system. I denne oppgåva skal du sjå på to ulike fengsel - og samanlikne dei som sosiale system.

Illustrasjonsbilde av en mann i arresten hos politiet. Politibetjent ser inn i arresten gjennom en luke. Foto.

Dokumentaren Fra Halden til Attica ser på korleis eit norsk høgsikkerheitsfengsel - Halden fengsel, versus eit amerikansk høgsikkerheitsfengsel, Attica, ser på straff, soning, kriminalomsorg og rehabilitering.

  • Før du ser dokumentaren: Kva er oppfatninga di av norske fengsel? Kva meiner du er formålet med straff i form av fengsel? Diskuter gjerne med ein klassekamerat eller fleire. Noter ned nokon stikkord over kva de konkluderte med.

Oppgåve:

  • Kva for roller finner du ved dei to fengsla? Kva kjenneteiknar åtferda ved desse rollene? Kva for normar finn du?
  • Korleis beskriv de innsette fengslet som system?
  • På kva for måte vert sosial kontroll utøvd, både uformell og formell, ved fengsla?
  • Kva for funksjon har fengsla? Er det nokon skilnadar knytta til funksjon, når du samanliknar dei to som sosiale system?
  • Beskriv sosial struktur for begge fengsla, både uformell og formell struktur. Er det flat struktur, eller hierarkisk struktur?
  • Søk på statistikk om kriminalitet og fengselsstraff i Noreg og USA. Vurder kjeldene du legg til grunn. Kva fortel statistikken deg om fengselsstraff og kriminalitet i dei to landa?
  • Se på notata dine i forkant av oppgåva. Fann du ut noko du ikkje visste fra før etter å ha sett dokumentaren og ha jobba med oppgåvene?
  • Den engelske tittelen på dokumentaren er "Breaking The Cycle" - kva viser tittelen til?

Læringsressursar

Sosial åtferd og sosialt system

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter