Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosial åtferd og sosialt systemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale system

Vi er del av mange ulike sosiale system gjennom livet. Familien, skole og arbeidsplassen er eksempel på sosiale system. Begrepet «sosialt system» inneber at det er kjenneteikn ved sosiale system, og at det er en skilnad fra lausare sosiale relasjonar og mønster.

Elever i klasserom. Foto.

Sosialt system

Ein tradisjonell definisjon av sosialt system er at det sosiale systemet består av eit sett med roller som står i gjensidig definerte forhold til kvarandre.

Ein kritikk mot denne definisjonen er at han opererer med eit stivna rolleomgrep. Rollene blir statiske, og han legg ikkje vekt på at rolleinnhavarane samhandlar ut frå ulike forutsetningar. Ein annan definisjon, der rolleomgrepet ikkje er så sterkt lagt vekt på, seier at eit sosialt system består av samkvem mellom menneske, der handlingar, omgang og forbindelsar er regulerte av felles orienteringar og åtferdsmønster.

Sosiale system utviklar seg når føresetnadane for kommunikasjon og handling er til stades. Tilhengjarane av denne definisjonen legg vekt på at eit sosialt system ikkje er eit stivna mønster, og at forholdet mellom rollene ikkje er gitt ein gong for alle. Eit sosialt system er tvert imot prega av samhandling og kommunikasjon, og det endrar seg stadig.

Ein organisasjon, til dømes ein skole, kan analyserast som eit sosialt system. Dersom ein skole skal løyse oppgåvene sine, er det nødvendig med organisering, kontroll og informasjon. Skolen må vere organisert slik at det er rom for både endring og utvikling, samtidig som han må kontrollere at produksjonen går føre seg etter gitte rammer og planar. «Produksjonen» ved ein skole er kunnskap og læring, og sjølv om det nok er usemje om korleis «kunnskap og læring» skal målast, har skolane retningsliner i form av læreplanar og kompetansemål som fortel kva elevar skal lære. Ein skole må òg ha god kommunikasjon og informasjon både internt i skolekvardagen, og eksternt ut mot samfunnet elles.

Sosial struktur og funksjon i sosiale systemer.

Norges U-21-landslag før kamp i 2017. Foto.
Et fotballag er også et sosialt system

Sosiale system har òg ein sosial struktur. Sosial struktur er korleis forholdet mellom rollene i eit sosialt system er, og korleis det sosiale systemet er bygd opp. Struktur kan vere både formell og uformell. For eksempel i ein skole vil den formelle strukturen vere uttrykt gjennom eit organisasjonskart. Rektor, avdelingsleiarar og alle øvrige tilsette har sine formelle funksjonar, og organisasjonskartet seier noko om den formelle strukturen. Korleis makta faktisk er fordelt, er òg avhengig av uformelle strukturar. For eksempel kan andre tilsette ha uformell makt gjennom å vere «ekspertar» på sine fagområde i skolen, og kunne påverke beslutningsprosessar.

Nokon sosiale system har «flat struktur». Det vil seie at alle i systemet har tilnærma lik makt, og kan påverke beslutningsprosessar. Andre sosiale system har ein hierarkisk struktur. Eit eksempel er militæret, som har ein tydeleg hierarkisk struktur.

Rollene som fyller ulike funksjonar i sosiale system, kallar vi funksjonelle roller. Det er organiseringa av det sosiale systemet som avgjer kva for roller som skal fyllast. Oppgåvene som blir tillagt rollene, er deretter med og bestemmer kva for typar menneske som skal fylle rollene. Eit sosialt system har også sosiale roller. I for eksempel eit fotballag er lagkapteinen den formelle leiaren av laget under kampen, og den som formidlar trenaren sine idéar til dei andre spelarane på bana. Men kapteinen bør òg vere en naturlig leiar utanfor banen, om han eller ho skal fylle rolla si godt.

Strukturen i eit sosialt system består altså av rollene i systemet og forholdet mellom dei, av innhaldet og oppgåvene som rollene omfattar, og av dei forventningane og reglane som er knytta til rollene. Struktur betyr eigentleg korleis noko er bygd opp eller samanføydd, og vi treng detaljert kunnskap om strukturen dersom vi skal kunne beskrive eit sosialt system.

Sosiale system varetar ulike funksjonar i samfunnet. Ein funksjon er ein del av eit sosialt system, som påverkar resten av systemet, og som er med på å oppretthalde det. Læring og kunnskap er nok skolens funksjon, og for eksempel fengselstraff har både ein individualpreventiv og allmennpreventiv funksjon: Han skal hindre nye lovbrudd og ha ein avskrekkende verknad på samfunnet for øvrig.

Sosialisering, rekruttering, produksjon og sosial kontroll

Sosiale system er avhengige av ulike faktorar for å kunne bestå som sosialt system. Alle sosiale system er avhengig av rekruttering for å kunne bestå. Det vil seie rekruttering til dei ulike rollene i systemet. Ein skole «rekrutterer» gjennom tilsetting av personale og inntak av elevar. Vidare krever eit sosialt system ei viss sosialisering. I ein skole er sosialiseringsprosessen med på å oppretthalde dei ulike normene – både formelle og uformelle – som er forventa og ønska. Gjennom sosialiseringsprosessen vert òg åtferden til dei ulike rollene i systemet styrt og kontrollert. Ein skole har som mål å «produsere» kunnskap og læring, med tanke på dei behova samfunnet har i arbeidslivet.

Sosial kontroll vert utøvd òg i sosiale system. Sosial kontroll vert utøvd gjennom normer, både uformelle og formelle, som fortel kva som er ønskeleg åtferd fra individ. Ved ein skole er det for eksempel skolereglementet som er ein formell norm for elevane sin åtferd. Brot på skolereglementet kan medføre sanksjonar av forskjellig art.

I samfunnet for øvrig vil for eksempel brot på norsk lov medføre ein sanksjon som straff i form av fengsel. Den sosiale kontrollen som vert utøvd gjennom for eksempel lovverk, kan òg kallast formell sosial kontroll.

Sosial kontroll kan òg vere uformell. For eksempel når vi får ros for ein jobb vi har gjort. Uformell sosial kontroll betingar at vi er opptekne av slike uformelle tilbakemeldingar, at det betyr noko for alle partar i eit sosialt system, at partane har ei nokonlunde lik forståing av kva som utløyser slike reaksjonar, og at det er ein form for sosiale relasjonar eller forbindelsar mellom aktørane.

Læringsressursar

Sosial åtferd og sosialt system

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter