Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosialisering i ulike kulturar og grupperChevronRight
  5. Tilskriven og erverva identitetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tilskriven og erverva identitet

Alle har ein identitet. Kva består han av? Klarer du å finne nokon delar som identiteten din inneheld, og klarer du å skilje dei erveva og tilskrivne delane frå kvarandre?

Speilbilde av ung kvinne i blått rom. Foto.

Oppgåve 1

I denne oppgåva skal du lage eit tankekart med deg sjølv i midten. Rundt deg skal du skrive ned det du meiner identiteten din består av. Det kan til dømes vere mann, elev, handballspelar, musikar, nordlending, vestlending, nordmann, afghanar, kvinne, gamar og så vidare. Prøv å finne så mange som mogleg.

Oppgåve 2

I den første oppgåva skreiv du ned så mange delar av identiteten din som du kunne finne. I denne oppgåva skal du skilje dei ulike delane inn i erverva og tileigna identitetar.

Lag to kolonnar. I den eine kolonnen skal du skrive ned dei erverva identitetane. Altså, dei identitetane du har valt sjølv. I den andre kolonnen skal du skrive ned dei tileigna identitetane. Det vil seie dei identitetane du har fått tilskrive, anten du vil det eller ikkje. Det kan til dømes vere kjønn og etnisitet.

Målet med oppgåva er med andre ord å vite kva for delar av identiteten din du har valt sjølv, og kva for delar du ikkje har valt sjølv.

Oppgåve 3

I fagteksten om identitet får du vite at seinmoderne identitet handlar om at kvar og ein person kan skape sin eigen identitet, blant anna fordi ein blir påverka av fleire ulike impulsar no enn kva som var tilfellet tidlegare. Somme kan identifisere seg med animekulturen frå Japan, mens andre identifiserer seg med britisk fotballkultur. Årsaka til dette identitetsmangfaldet er at vi har tilgang til utallige inspirasjonskjelder gjennom internett, TV, teikneseriar og filmar.

Reflekter over kva slags impulsar som påverkar identiteten din mest. Er det eit fotballag, politikk, musikksjangrar eller noko anna? Det er fullstendig mogleg å la seg påverke av fleire kjelder enn berre ei. Målet er at du skal bli medviten om kva identiteten din består av.

Læringsressursar

Sosialisering i ulike kulturar og grupper