Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosialisering i ulike kulturar og grupperChevronRight
  5. Identitet og antropologiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Identitet og antropologi

I løpet av dei siste tiåra har identitet blitt ein sentral del av antropologiske studium. Kan du tenkje deg kvifor antropologar har blitt opptekne av eit omgrep som "nettopp" har kome på moten?

En mann i samisk kofte med samisk flagg.

Identitet er viktig for samfunna

Sjølv om ordet identitet er relativt nytt, har det lenge vore ein del av antropologiske studium. I løpet av dei siste tiåra har stadig fleire antropologar hatt forskingsprosjekt som direkte eller indirekte tek for seg identitet. I tillegg har identitet blitt eit viktig tema for mange av dei samfunna antropologar studerer. Det har blant anna vore sentralt for å forstå korleis personar i eit samfunn ser på seg sjølv, og kvifor dei vel dei handlingane dei gjer. I denne teksten skal vi derfor sjå på ein case der identitet var sentralt for å forstå dei ulike prosessane blant delar av befolkninga i det aktuelle samfunnet.

Case: underkommunisering av sjøsamisk identiet

Dei norske samane hadde over ein lang periode gått gjennom ein statsstyrt fornorskingsprosess. På skulane var det ikkje lov å bruke samisk, og elevane måtte både snakke og lære norsk. Bruk av samisk kunne gjere at dei blei straffa.

Målet med fornorskinga var å gjere samane så norske som overhovudet mogleg. Dette fekk sjølvsagt konsekvensar for sjølvbiletet til den samiske befolkninga. Antropologen Harald Eidheim gjorde fleire studium i samfunn frå 1950-talet og framover, og han oppdaga ein sjøsamisk identitet som blei underkommunisert i mange sosiale settingar. Mange sjøsamar viste med andre ord ikkje fram den etniske identiteten sin. Dette åtferdsmønsteret fekk blant anna konsekvensar for korleis samane oppførte seg i møtet med nordmenn.

På 1960-talet var sjøsamane ei stigmatisert gruppe. Dei blei sett ned på og dårleg behandla, og på grunn av fornorskinga hadde dei utvikla eit negativt sjølvbilete. Å vere (sjø)same var negativt og eit hinder i sosiale samanhengar.

I offentlige forhold og i situasjonar kor nordmenn var til stades, overkommuniserte derfor samane norske kjenneteikn. I alle fall det dei oppfatta som kjenneteikn på norsk kultur. Det kunne hende på butikken, i skulen, på ei ferje eller viss dei hadde nordmenn på besøk.

Eidheim oppdaga at dei kunne vere opptekne av å fortelje om kunnskapane dei hadde innanfor moderne fisking, vise kor god standard husa var i og kor ryddig dei hadde det på kjøkenet (ureinsligheit ble sett på som eit samisk kjenneteikn).

Alt dette blei presentert på ein lokal, men dog gebrokken, dialekt. Dei ville med andre ord stå fram som nordmenn, samtidig som dei gøymde unna den samiske identiteten. Viss dei sto fram som samar, kunne det få negative konsekvensar, for eksempel i form av verbale tilrop eller utestenging.

Samisk blei derfor sett på som ein hemmeleg kode som blei brukt i samanhengar der dei såg det som trygt å spele ut den samiske identiteten sin, blant anna i private situasjonar eller innanfor heimen sine fire veggar. Dette betyr vidare at sjøsamane hadde ein identitet som var situasjonell. Kva for identitet dei spelte ut, kom i aller høgaste grad an på situasjonen dei var i.

Viktig for å forstå

Så, for å forstå kvifor sjøsamane ønskte å stå fram som nordmenn, måtte ein også forstå korleis dei oppfatta den etniske identiteten sin. I kjølvatnet av fornorskinga hadde «samiskheit» låg status og blei sett ned på.

Av den grunn hadde mange utvikla eit dårleg sjølvbilete. For å sleppe å bli sett på som same, underkommuniserte mange den etniske identiteten sin, og stod heller fram som det dei oppfatta som norsk. Det var med andre ord viktig å fokusere på identitet for å forstå åtferdsmønsteret og det sjølvbiletet som prega den samiske befolkninga.

Kjeldetilvising

Eidheim, Harald 1971: Aspects of the Lappish Minority Situation. Universitetsforlaget

Eriksen, Thomas Hylland 2006: Hva er sosialantropologi. Universitetsforlaget

Læringsressursar

Sosialisering i ulike kulturar og grupper

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter