Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosialisering i ulike kulturar og grupperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Identitet

Mange antropologar vel å forske på identitet. Noko av grunnen til det, er at identitet er viktig for mange av dei samfunna antropologar studerer. Det kan vere alt frå ungdomsidentitet og gruppeidentitetar til kjønnsidentitet. Men kva betyr eigentleg identitet?

En mann med en kvinneskygge.
Kan ein forandre på sin eigen kjønnsidentitet?

Definisjon

Identitet er eit ord som ofte blir brukt i kvardagen. Vi ser det på TV, høyrer det på radio og les det i aviser. Ord som kjønnsidentitet, ungdomsidentitet og etnisk identitet blir brukt i tide og utide. Kva tyder så ordet identitet?

Kort fortalt kan vi seie at det dreier seg om kven vi er. Identiteten vår skal seie noko om kven vi er, og kven vi oppfattar oss sjølve å vere. Altså – kva som skil meg frå dei andre. Ein person kan for eksempel seie at han er nordmann, elev, son, mann, fotballspelar og så vidare. For han vil det vere desse tinga som skil han frå mange andre. Identitet er med andre ord bygd opp av ulike delar som til saman formar den personen kvar av oss er.

På den måten kan vi sjå på identitet som eit lappeteppe. Kvar del av teppet bidreg til heilskapen, og slik er det òg med identiteten vår.

Ulike deler ein identitet kan bestå av.  Figur.
Figuren gir eksempel på kva ein identitet kan bestå av. Det kan være ting som heimstad, alder, kjønn, religion og yrke.

Tillagt og erverva identitet

Ein kan skilje mellom ulike identitetar på mange ulike måtar, akkurat som det finst tallause måtar å forklare kva identitet er. Ein måte å gjere dette skiljet på, er å skilje mellom tillagt og erverva identitet.

Tillagt identitet handlar om kjennemerke ein er fødd med. Kjønn og nasjonalitet er eksempel på dette. Det er aspekt ved ein person som ein, tradisjonelt sett, ikkje kan rokke ved. Sagt på ein annan måte: Er du kvinne, nordmann eller trobriandar, så er du det. Her må vi understreke at denne typen identitetar er i dag mogleg å endre på, men det skal vi kome attende til litt seinare.

Dei erverva identitetane er på si side kjenneteikn ein person aktivt har gått inn for å skaffe seg. Det kan til dømes vere turnar, akademikar eller politikar. Altså er det snakk om noko ein person verkeleg ønsker skal bli ein del av hans eller hennar identitet

Et norskt flagg som vaier i vinden.
Nasjonalitet er eit eksempel på ein tillagt identitet.

Individuell og kollektiv identitet

I denne samanhengen kan vi òg skilje mellom individuell og kollektiv identitet. Dette høyrest kanskje veldig avansert ut, men forklaringa er ganske enkel.

Den individuelle identiteten er den subjektive identiteten din. Det er med andre ord det som gjeld for éin person. Den kollektive identiteten, derimot, handlar om at ein identifiserer seg med ei gruppe (nordmenn, samar, studentar, afghanarar, sjukepleiarar).

Ut frå alt dette kan det verke som om identitet er ganske svart/kvitt: Noko vel eg sjølv, noko må eg alltid vere, noko vel eg ikkje, eg er unik, og eg er del av ei gruppe.

Dette stemte kanskje tidlegare. Då var identiteten prega av tradisjonelle val. Viss foreldra dine var del av arbeidarklassa, så blei du og del av arbeidarklassa. Alt etter om du var mann eller kvinne, var det knytta visse forventningar til yrkesval, klede og framferd, og desse måtte du følgje.

I dag er situasjonen ein annan. Vi står mykje friare til å velje, og lage, vår eigen identitet. Dette kallar vi den seinmoderne identiteten.

Seinmoderne identitet

I dag er ikkje identiteten vår nødvendigvis knytt til tradisjonelle forventningar om kven vi er. Barn med foreldre frå arbeidarklassa identifiserer seg ikkje nødvendigvis med arbeidarklassa. Spesielt ikkje dersom vedkomande har teke ei akademisk utdanning.

Det er med andre ord ikkje lenger slik at skomakaren blir ved sin lest. I dag kan skomakaren skifte identitet rett som det er. Kvar person kan altså aktivt skape sin eigen identitet.

Ein av grunnane til dette er at menneske i dagens samfunn blir påverka av fleire impulsar enn kva som var tilfelle før. Det er ein grunn til at ungdom blant anna kan identifisere seg med animekulturen frå Japan, og både kle og oppføre seg inspirert av denne kulturen. Det er fordi vi har tilgang både til teikneseriar og tv-seriar som er basert på anime. Slik er det òg med andre identitetar.

Eit anna og tydelegare eksempel på korleis aktørar i dag kan konstruere sin eigen identitet, er kjønnsidentitet. Dette er ein tillagt identitet og blir til vanleg sett på som urokkeleg, men i dag er det ikkje uvanleg at kjønnsidentiteten blir endra på. "Fødd i feil kropp" er eit eksempel på dette. Det finst mange tilfelle der ein gut eller ei jente føler at dei ikkje identifiserer seg med sitt biologiske kjønn, og difor gjer endringar for å bli det kjønnet dei identifiserer seg som.

Refleksiv identitetskonstruksjon

At menneske i samfunnet i dag aktivt lagar sin identitet, kallar vi for ein refleksiv identitetskontruksjon. Ein refleksiv identitetskonstruksjon betyr at kvar enkelt person bevisst vel sin eigen identitet og tenkjer nøye over om vala er rette for han eller ho.

Dette arbeidet blir elles stadig vanskelegare. Noko av grunnen er at vi heile tida blir presenterte for nye impulsar som kan påverke identiteten vår, blant anna gjennom sosiale medium, TV og film. Det betyr at valmoglegheitene er mange. Individet må gjere eit nøye utval når han eller ho skal lage sin eigen identitet.

Læringsressursar

Sosialisering i ulike kulturar og grupper

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter