Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosialisering i ulike kulturar og grupperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjønnskategoriar

Kva omgrep bruker vi når vi snakkar om kjønn i eit sosiologisk perspektiv? Når vi skal drøfte kva kjønn handlar om, i dette faget, er det viktig å vere bevisst på kva omgrep vi bruker, og kva dei tyder.

Et skilt som viser kjønnsnøytralt toalett. Foto.

Kjønnskategoriar og kjønn

I Noreg i dag delar vi kjønn inn i to juridiske kjønnskategoriar. Juridisk kjønn er det kjønnet vi er registrerte med i folkeregisteret, og ved fødselen blir vi kategorisert som anten jente eller gut.
I 2016 tredde ei lovendring i kraft, som seier at personar over 16 år kan søkje om å få endra den juridiske kjønnsstatusen. Barn mellom 6 og 16 år må søkje saman med foreldra. Det har blitt føreslege å greie ut ein tredje kjønnskategori, hen, men det har hittil ikkje fått politisk fleirtal på Stortinget. Språkleg sett blir «hen» brukt som eit kjønnsnøytralt uttrykk.

I Noreg blir det kvart år født 12–15 barn med uklare kjønnskarakteristika, tidlegare blei dette kalla «intersex». I Regjeringa sin handlingsplan[1] blir omgrepet «interkjønn» brukt, som ein «... samlekategori som dekker en rekke forhold knyttet primært til ulike biologiske kjønnskarakteristika og en persons kroppslige kjønnsutvikling».

Biologisk kjønn og sosialt kjønn

Biologisk kjønn er det reint kroppslege kjønnet. Når vi blir fødde, er dette utgangspunktet for registrering i folkeregisteret. Sosialt kjønn er eit omgrep med utspring i sosiologien, og det blir forstått som at kjønn er ein sosial konstruksjon, gjennom dei forventningane og førestillingane samfunnet har til kjønn. På engelsk bruker vi omgrepet «sex» om biologisk kjønn og «gender» om sosialt kjønn.
Arv eller miljø? Er det arv, det vil seie biologi, eller miljø, altså sosiale forhold og sosialisering, som formar oss i kjønnsroller? I programserien Hjernevask tok Harald Eia opp dette spørsmålet og fekk ulike svar, både frå biologar og sosiologar. Han stilte spørsmålet «Fødd sånn eller blitt sånn?», og dokumentaren skapte stor debatt.

Er det mogleg å oppdra barn «kjønnslaust»?

Giddens (2016:106) stiller dette spørsmålet og viser til ein studie der ei gruppe foreldre mellom anna prøvde å unngå typiske jente- og guteleiker for barna sine ved heller å få dei til å leike med meir kjønnsnøytrale leiker. Det viste seg å vere vanskelegare enn dei trudde, fordi samfunnet rundt var så prega av tradisjonelle kjønnsroller.
Kjønnsrollesosialiseringa har eit djupt feste i dei fleste samfunna og er vanskeleg å utfordre.[2]

Refleksjonsoppgåve:

Slå opp desse omgrepa i Språkrådets termwiki kjønnsforskning:

Diskuter med ein klassekamerat etter å ha sett på og lese om omgrepa. Kva tyder dei, og kva handlar omgrepa om?

  1. 1«Handlingsplan LHBTI: Trygghet, mangfold, åpenhet». . Barne- og likestillingsdepartementet. 2016.
  2. 2«Introduction to Sociology». Anthony Giddens Mitchell Duneier Richard P. Appelbaum Deborah Carr. 10th. W. W. Norton & Company, Inc.. 2016.

Læringsressursar

Sosialisering i ulike kulturar og grupper

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter