Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosialisering i ulike kulturar og grupperChevronRight
  5. KjønnsrollerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjønnsroller

Når forventningar er knytte til kjønnet til individet, handlar det om kjønnsroller. Gjennom sosialiseringsprosessen blir vi forma som individ gjennom desse forventningane.

New York Toy Fair. Barbiedukke. Foto

Kjønnsroller

Forventningar om ulik oppførsel frå menn og kvinner leier allereie frå tidleg alder gutar og jenter i forskjellige retningar. Det blir forventa at menn og kvinner, gutar og jenter, oppfører seg og handlar på bestemte måtar i kraft av kva kjønn dei har. Men forventningane kan variere frå samfunn til samfunn, og frå kultur til kultur. Kjønnsroller og arbeidsfordeling blir berre i liten grad avgjort ut frå biologiske forskjellar mellom menn og kvinner. Kultur og næringsstruktur er vel så viktig. Når kvinner i ein del samfunn har rolla som heimeverande med barn, må vi forklare det kulturelt. Når menn i dag har permisjon for å vere heime med barn, kan dette òg forklarast kulturelt, gjennom kulturelle endringsprosessar i eit samfunn og forventningane vi har til rolla som mann.

Gutar i blått, jenter i rosa?

Lærer vi å bli menn og kvinner? Korleis lærer vi å bli menn og kvinner? Kva er det som gjer at vi oppfattar noko som maskulint og noko som feminint og dermed avgjer kva som er passande åtferd? Tradisjonelt har gutar og jenter heilt frå fødselen av blitt behandla ulikt. Foreldra våre gir oss den første innføringa i symbolverda vi kallar maskuline og feminine verdiar. Gutar får guteleiker, jenter får jenteleiker, gutar blir kledde i blått og jenter i rosa. Det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret kjem framleis til uttrykk i barneoppsedinga, sjølv om det ikkje er like eintydig som tidlegare. Gjennom sosialiseringsprosessen skjer det ei internalisering av normer, språk, verdiar, haldningar, åtferd og symbol. Desse er i sum med på å forme oss som mann eller kvinne – i dei første barneåra gjennom primærsosialisering, som ungdom og vaksen gjennom sekundærsosialisering.

Påverknadskrafta til massemedia

Massemedia påverkar oss i stor grad, gjennom korleis dei framstiller menn og kvinner. I for eksempel filmbransjen er det få kvinner både bak og framfor kamera. Kvinner har færre nøkkelroller, og dei blir ofte framstilte på ein annan måte enn menn.

[1]

Sjølv om det har blitt fleire kvinnelege actionheltar i film, er det framleis dei mannlege det er flest av.



Vi lever i ein kultur der «mannlegheit» og «kvinnelegheit» er grunnleggjande symbol. Men sjølv om mykje av det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret framleis består, endrar likevel kjønnsrollene seg gjennom tid. Vi har andre forventningar til rolla som kvinne og mann i dag enn vi hadde for nokre generasjonar sidan.



Ifølgje kjønnsforskar Harriet Bjerrum Nielsen må vi sjå på mange ulike forhold, som strukturar, kulturelle forventningar og tolkingsrammer, for å kunne forstå og forklare forandring knytt til kjønn.

[2]

Det inneber at analysar av kjønnsroller er aktuelle på mange ulike område. Skal vi for eksempel sjå på likestilling og kjønn, må vi for eksempel definere kva samfunn vi tek utgangspunkt i, og sjå nærmare på kva kulturelle trekk som kjenneteiknar dette samfunnet på fleire område, for eksempel næringsstruktur, levekår og utdanning.

  1. 1«Gender Inequality in Film Infographic». . New York Film Academy. 2018.
  2. 2«Kjønn i stille endring». Harriet Bjerrum Nielsen. Kilden kjønnsforskning.no. 2016.

Læringsressursar

Sosialisering i ulike kulturar og grupper

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter