Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
  4. Sosialisering i ulike kulturar og grupperChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sosialisering i ulike kulturar og grupper

Sosialisering handlar om korleis vi blir påverka, kva vi blir påverka av gjennom livet, og korleis dette formar oss som individ.

En gjeng med venner med mobiltelefoner på en benk vinterstid. Foto.

Under dette emnet skal du lære om kva sosialisering er, og på kva for arenaer sosialisering skjer. Vi skal sjå nærmare på normer som handlar om korleis det blir forventa at vi oppfører oss i ulike roller og situasjonar.

Rollene vi har, er gjerne knytte opp mot sosialiseringsarenaer, familie, skule, fritidsaktivitetar og jobb, men det kan også knytast opp mot kjønn. Kva for normer som blir lagt til dei forskjellige rollene, er altså knytt opp mot andre sine forventningar til deg, inkludert kjønnsroller. Kanskje har du sjølv merka korleis det er knytt forventningar til deg basert på kva kjønn du har eller seksualiteten din?

Sosialisering og emne knytt til sosialisering er viktig i sosiologi-faget, men blir òg behandla i sosialantropologi. Til dømes er identitet viktig i begge fagområda. Du skal lære litt om forskjellane på den identiteten du er fødd med, og identitet du har skaffa deg.

Du vil også bli kjent med nokre teoretikarar og korleis dei ser på korleis læring og sosialisering skjer i enkeltindivid og i ulike samfunn.

Læringsressursar

Sosialisering i ulike kulturar og grupper