Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. SosialiseringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sosialisering

Sosialisering er den prosessen der vi møter forventningar og lærer nye sosiale roller. Du møter forskjellige normer knytte til forskjellige roller og i forskjellige situasjonar.

Tre venninner tar selfie sammen. Foto.

Sosialisering handlar om korleis vi blir påverka, og kva vi vert påverka av gjennom livet, og korleis dette formar oss som individ. Vi skil mellom primærsosialisering, som gjerne er familie, og sekundærsosialisering, som går føre seg på skulen, i tilknyting til fritidsaktivitetar og på arbeidsplassen.

Sosialiseringsprosessar skjer heile livet. I løpet av livet får og inntek vi fleire sosiale roller, både i familien, i samfunnslivet og i arbeidslivet. Kjønnsroller er også ein del av dette. Når forventningar er knytt til individet sitt kjønn, handlar det om kjønnsroller.

Hovudemnet Sosialisering handlar i vidt omfang om sosialisering, og vi ser på korleis mange område påverkar oss. Til dømes er brot på normer, det vi kallar sosiale avvik og i ytste konsekvens kriminalitet, ein del av dette emnet.

Det er ikkje berre familie, vennar, lærarar og fotballtrenarar som påverkar oss, men også massemedium og kommunikasjon, ikkje minst på nye plattformer som sosiale medium. Massemedium, teknologi og kommunikasjon finn du som eit eige underemne.

Emner

Sosialisering

  • Sosial åtferd og sosialt system

    Sosiale system er arenaer der sosialisering går føre seg. Familien, skule og arbeidsplassen er døme på sosiale system.

  • Sosiale avvik

    Sosiale avvik er åtferd som bryt med normene i eit samfunn.