Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Kvalitativ metodeChevronRight
  5. Prøv deg på fokuserte observasjonarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Prøv deg på fokuserte observasjonar

Utydelig bilde av en rekke mennesker i rulletrapper. Foto.

Vel eit område der elevar og andre oppheld seg, og ta deretter for deg ei gruppe du meiner er interessant. Det kan gjerne vere den same gruppa som du brukte i den første oppgåva, dersom det er mogleg.

Lag nokre spørsmål som du ønskjer å få svar på gjennom observasjonen. Du kan enten ta utgangspunkt i spørsmåla som er nemnde på førre side, eller du kan lage dine eigne. Heile poenget er å undersøkje noko gjennom fokuserte observasjonar, for så å få eit tydelegare bilete av den gruppa/situasjonen du studerer.

Her kan det vere lurt å ikkje gape over for mykje til å begynne med. Vel eitt eller to spørsmål. På den måten blir det lettare å gjere observasjonane. Har ein for mange spørsmål med éin gang, er det lett å miste kontrollen.

Hugs notat, og at læraren din skal godkjenne arbeidet før du går i gang med observasjonen. Dette er for å vareta dei forskingsetiske retningslinjene.

Læringsressursar

Kvalitativ metode

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter