Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Kvalitativ metodeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fokuserte observasjonar

Deskriptive observasjonar handlar om å observere heilskapen og skrive ned det som hender rundt ein, men nokre gonger må antropologen gå meir detaljert til verks. Dette kan til dømes gjerast gjennom fokuserte observasjonar.

Unge voksne i godt humør på fest. Foto.

Å sjå etter det spesielle

Fokuserte observasjonar handlar om å gå frå å observere heilskapen til å sjå etter noko spesifikt. Det dreier seg med andre ord om å undersøkje nokre spesielle faktorar som kan gi eit grundigare bilete av den situasjonen antropologen studerer.

For å utføre denne typen observasjonar, må du først lage nokre spørsmål knytt til det du skal sjå etter. Viss vi går tilbake til den første gruppa du observerte, kan eit slikt spørsmål til dømes vere: «Kven er leiaren i gruppa?», «Er det andre rollar i gruppa?», «Kva slags tema snakkar dei om?», «Kva er grunnen til at dei sit der dei sit?».

På denne måten blir det lettare å gjennomføre dei fokuserte observasjonane, nettopp fordi du har planlagt kva du skal sjå etter. Før du set i gang, kan det også vere lurt å finne ein utkikkspost som gir deg den beste oversikta over situasjonen.

Læringsressursar

Kvalitativ metode