Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Kvalitativ metodeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk deg på deskriptiv observasjon

Ungdommer sitter med mobiler og nettbrett i en kantine. Foto.

Set deg i kantina eller eit anna rom der elevar og andre oppheld seg. Finn ein gunstig utkikkspost, og vel deg ut ei gruppe du meiner er interessant. Noter det du ser: kven dei er, kva dei gjer, kva dei snakkar om, om dei har ein spesiell klesstil og så vidare.

Målet er å få eit overblikk over situasjonen eller gruppa. Få med deg så mykje som mogleg, og skriv notata dine i ei formell og objektiv form. Du skal ikkje leggje dine eigne meiningar inn i dette, du skal berre observere det som hender.

Hugs notat, og at læraren din skal godkjenne arbeidet før du går i gang med observasjonen. Dette er for å vareta forskingsetiske retningslinjer.

Kor lang tid du bruker på observasjonen, varierer etter kven eller kva du observerer. Nokre gonger er det lett å finne informasjon, men andre gonger må ein bruke litt tid for innhente det ein er ute etter. Det som er viktig, er at du bruker den tida du treng.

Læringsressursar

Kvalitativ metode

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter