Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Kvalitativ metodeChevronRight
  5. Skjult og open observasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skjult og open observasjon

Observasjon er ein viktig sosialantropologisk metode. Sjølv om det høyrest ut som ein metode ein kan utføre utan særlege innvendingar, kan ein likevel skilje mellom akseptabel og ikkje-akseptabel observasjon: open og skjult observasjon.

Oversiktsbilde fra et klasserom med to lærere og flere elever. Foto.
Forskarar må innhente samtykke til å observere nokon.

Observasjonen må godkjennast

Skjult observasjon er feltarbeid eller undersøkingar der vertskap og forskingsobjekt ikkje er klare over at ein studerer dei. Denne typen observasjonar er vanlegvis ikkje godteke i det antropologiske miljøet.

Ein av grunnane er at antropologar ikkje skal gi seg ut for å vere noko anna enn dei er. Det handlar med andre ord om forskingsetikk. Forskingsobjekta har rett til å nekte å bli utsette for studium. For at denne retten i det heile tatt skal bli varetatt, må vertskapet vere klare over at antropologen observerer dei.

Forskaren må derfor innhente samtykke. Vertskapet skal både vite om og ha godkjent undersøkinga. Når det er gjort, utfører ein såkalla open observasjon.

Kva for problemstillingar trur du kan oppstå når ein antropolog utfører skjult observasjon?

Vi kan vidare dele observasjon inn i fleire underkategoriar, men vi skal fokusere spesielt på to former for observasjon: deskriptiv og fokuserte observasjonar. Kva trur du desse metodane inneber?

Læringsressursar

Kvalitativ metode