Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Kvalitativ metodeChevronRight
  5. Kva er observasjon?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er observasjon?

Sosialantropologen sin fremste metode er deltakande observasjon. Det betyr at antropologen både deltek i og observerer dei samfunna ho undersøkjer, men nokre gongar samlar ho inn informasjon gjennom observasjon åleine. Å observere betyr at ein registrerer (og skriv ned) det som skjer rundt ein.

Publikum på fotballkamp i England. Foto.

Når ein observerer, gjer ein det ikkje nødvendigvis berre ved hjelp av auga. Ein kan òg ta i bruk høyrselen og luktesansen, ja, til og med kjenslene.

Greitt å sjå kva som går føre seg

Sjølv om antropologar ofte deltek i aktivitetar saman med dei dei forskar på, er det ikkje alle situasjonar det er mogleg eller nødvendig å delta i.

Av og til er greitt å berre sjå kva som går føre seg, utan å blande seg nemneverdig inn. På den måten forsøkjer ein å få eit overblikk over ein gitt situasjon, samstundes som antropologen unngår at involveringa hennar påverkar det som går føre seg. Ho kan til dømes observere korleis deltakarane på ein fotballkamp kler seg, kor ofte elevar tek opp telefonane sine i løpet av eit friminutt, eller korleis kjønnssamansetninga på eit kontor er.

Målet er alltid det same: å kartleggje og samle inn informasjon som bidreg til forskingsprosjektet. Her må vi understreke at det ikkje er alle situasjonar og aktivitetar som er like enkle å observere. Nokre gongar har antropologar eit forskingsprosjekt som krev spesielle løyve. Det kan òg hende at ho er i politisk turbulente område kor konfliktar kan gjere observasjon utfordrande, spesielt viss det er fare for liv og helse.

Så sjølv om observasjon verkar som ein enkel metode, kan det vere faktorar som gjer arbeidet vanskeleg og som stiller ekstra krav til forskaren.

Ulike formar for observasjon

Observasjon er ikkje ein einsarta metode. Det finst ulike formar for observasjon, og antropologen varierer mellom forskjellige typar avhengig av situasjonen og kva slags informasjon ho er ute etter. Grovt sett kan vi skilje mellom open og skjult observasjon. Kva trur du forskjellen på desse to observasjonsformene er?

Læringsressursar

Kvalitativ metode