Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Kvalitativ metodeChevronRight
  5. Formelle og uformelle intervjuChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formelle og uformelle intervju

Sosialantropologens sin fremste metode er deltakande observasjon, kor ho både er på "innsida" og på "utsida" av det ho undersøkjer. Når ein deltar saman med personane i det samfunnet ein forskar på, er det òg naturleg å kommunisere med dei.

Bilde av kameramann og journalist.

Relasjonar

Når ein tek del i det samfunnet ein forskar på, er det ikkje berre for å skaffe seg informasjon, men òg for å skape relasjonar med personane i samfunnet. Viss ein ikkje klarer å kome i kontakt med dei ein skal forske på, blir det sjølvsagt vanskeleg å finne den kunnskapen ein er ute etter.

Dette betyr at sosialantropolgen bør vere flink til å bli kjent med andre menneske. Relasjonsskaping er med andre ord sentralt i det antropologiske feltarbeidet. Når ein har klart å etablere kontakt med dei ein skal undersøkje, vil ein og gå inn i samtalar med dei. Desse samtalane vil vere ei kjelde til informasjon, og kan nokon gonger vere i form av intervju. Her kan vi skilje mellom formelle og uformelle intervju. Kva trur du skilnaden på dei er?

Før vi går vidare, er det nødvendig å understreke at antropologen ikkje (alltid) snakkar med heilt tilfeldige menneske. Ho vel dei som veit noko om det ho lurer på. Dette er også ein av grunnane til at relasjonsbygging er viktig. Antropologen er nøydd til å bli kjent med dei menneska som kan noko om det ho undersøkjer, elles blir informasjonsinnsamlinga vanskeleg.

Forskar eller ven?

Når ein sosialantropolog er ute i felten, er ho ofte i samtalar med dei ho studerer. Sidan ho gjer deltakande observasjon, vil samtalene nokon gonger gå føre seg samtidig som ho deltek på aktivitetar saman med "forskingsobjekta".

Denne typen samtalar kan vere flyktige og usamanhengande, etter kva aktivitet dei er del av. I tillegg er det ikkje alltid informanten veit om dei snakkar med forskaren som ven, eller om dei er i rolla som som informant til antropologen. Samtidig kan informantane "gløyme" at antropologen er der for å forske på dei, fordi ho er saman med dei over tid og fordi ho aktivt jobbar for at dei ikkje skal leggje merke til ho. Ho ønsker jo at "forskingsobjekta" skal oppføre seg så naturleg som det i det heile tatt er mogleg. På den måten vil informasjonen ho får, vere meir ekte.

Dette betyr uansett at grensene mellom forskar og ven ikkje alltid er like klar. Dette kan vere problematiske, sidan informantane har rett til å vite om det dei seier og gjer blir registrert som data til forskningsprosjektet. Her kan det formelle intervjuet vere til hjelp.

Formelle intervju

Formelle intervju er planlagde og strukturerte samtalar. Forskaren har på førehand bestemt seg for kva slags tema intervjuet skal ha, og kva for informasjon ho er på jakt etter. Målet med intervjuet er med andre ord å få relevant informasjon. Dette kan for eksempel vere ein fin måte å avkrefte eller bekrefte noko ein har observert i felten. I slike situasjonar er antropologen ute etter djupnekunnskap om hendingar eller emne ho er interessert i.

En person som blir intervjuet.

Sidan intervjuet er planlagd, tviler heller ikkje intervjuobjektet på kva som går føre seg. Informanten er klar over at han eller ho er der som informant, og at antropologen er der som forskar. På den måten varetek ein informanten sin rett til å avstå frå å bli undersøkt. Dette kan bli ytterlegare vareteke ved nokre ekstra grep. Antropologen kan for eksempel på førehand presentere emnet dei skal snakke om, og på same tid forklare korleis materialet ho har innhenta skal brukast i ettertid. I denne samanhengen kan det òg vere fruktbart å klargjere om intervjuobjektet vil vere anonym eller ikkje.

I formelle intervju har forskaren klargjort ei rekkje planlagde spørsmål som skal belyse eit emne ho er interessert å vite meir om. På same måte som med temaet, kan spørsmåla òg sendast til intervjuobjektet på førehand, slik at informanten kan førebu seg på best mogleg måte. I tillegg har dei også blitt einige om kor og når dei skal møtast. Det er ingenting som kjem som ei overrasking, noko som gjer situasjonen føreseieleg og trygg for intervjuobjektet. Her kan det vere lurt å velje stader der den du skal intervjue kjenner seg trygg, i den grad det lar seg gjere. Viss den du intervjuar er komfortabel, vil svara bli deretter.

Uformelle intervju

Dei uformelle intervjua er ikkje like strukturerte og planlagde som dei formelle. Denne typen intervju kan gå føre seg nesten overalt. På bussen, på gata, i eit treningsstudio eller under frukosten ved kjøkkenbordet. Fordelen med slike intervju er at den uformelle tonen skaper ei avslappa stemning. Samtalane kan få ein naturleg flyt, og det blir lettare å ha med informantane å gjere. Når intervjuobjektet kjenner seg trygg, vil det bli lettare å få dei svara ein er ute etter.

Utfordringa med det uformelle intervjuet er at antropologen tek ei meir diffus rolle enn ho gjer i dei formelle intervjua. Her varierer ho mellom å stille spørsmål, delta og observere – alt avhengig av kva slags situasjon det er snakk om. Derfor er det viktig at ho prøver å gjere klart for informantane om ho er forskar eller ven. Nokon gonger er det ikkje like nødvendig, men for å vareta informantane sin rett til å ikkje la seg bli forska på, kan det vere lurt å hinte om at det som føregår kan bli brukt som data til forskingsprosjektet. Dette er ikkje informantane sitt ansvar, det er eine og aleine antropologens som er ansvarleg for dette.

Etter intervjuet

Når ein gjer intervjuet, og spesielt dei formelle intervjua, vil ein forsikre seg om at ein får med seg det intervjuobjektet seier. Ein kan enten ta notat undervegs eller ha ein bandopptakar tilgjengeleg.

Mann tar notater.

Uansett korleis ein vel å gjere det, er etterarbeidet like viktig som sjølve intervjuet - og etterarbeidet bør skje så raskt som mogleg. Spesielt viss ein tek handskrivne notat er det lurt å setje seg ned for å reinskrive sine eigne notat. Det bør ein gjere så fort som mogleg, og aller helst rett etter intervjuet.

Ein rekk aldri å skrive ned alt under samtalen, og ein lagrar en del informasjon i hovudet. Det kan vere alt frå bisetningar og ord, til ansiktsuttrykk. Derfor er det viktig å skrive det ned medan det framleis er "ferskt". Alt ein hugsar, i tillegg til notata, vil vere med på gjere intervjuet så informasjonsrikt som overhovudet mogleg. Viss ein ventar for lenge, står eini fare for å gløyme det som ein lagra i hovudet.

Viss ein brukar bandopptakar, er det vanleg å transkribere intervjuet i etterkant. Å transkribere inneber som regel å overføre intervjuet frå munnleg til skriftleg form. Transkriberinga kan gjere leitinga etter relevant informasjon lettare, men det er ikkje alltid det held å berre skrive ned det som blir sagt. Det vil og vere viktig å leggje vekt på nølande ord, stopp i setningar eller kva for ord intervjuobjektet legg trykk på. Slike ting kan ha betyding for datainnsamlinga.

I tillegg er det nyttig å høyre på seg sjølv i ettertid. Ein kan høyre korleis ein stiller spørsmål, korleis stemma er og så vidare. På den måten kan ein finne ting ved seg sjølv som ein kan gjere betre. Ved å lytte til seg sjølv, kan ein bli ein betre intervjuar.

Litteraturliste

Nielsen, Finn Sivert 1996: Nærmere kommer du ikke - en håndbok i antropologisk feltarbeid. Fagbokforlaget.

Læringsressursar

Kvalitativ metode