Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Teori og empiriChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosialantropologien sine grunnleggjarar

På slutten av 1800-talet vaks den moderne sosialantropologien fram, og tyngdepunktet for dette faget låg i England og USA. Interessefeltet skifta frå industrisamfunnet til meir eksotiske samfunn, som indianarsamfunn i Sør-Amerika, og interessa auka for studiar av meir generelle utviklingstrekk i samfunnet.

Bronislaw Malinowski på Trobianderøyene.
Antropologen Malinowski på Kiriniwaøyene

Mennesket har alltid vore nysgjerrig på andre folkeslag og kulturar, enten det har vore basert på eit reint ynskje om kunnskap, på kjærleik eller frykt. I så måte kan antropologien si historie bli trekt langt tilbake. Den greske historikaren Herodot (484-420 f.Kr.) var for eksempel nøye i dei etnografiske skildringane sine av framande folkeslag, og kan på den måten bli sett på som ein pioner på dette området. Dei fleste faghistoriene begynner likevel langt seinare enn som så. Vi skal til eit knippe tenkjarar som hadde stordomstida si på midten av det nittande og tjuande hundreåret.

Nokre stamfedrar

Lewis Henry Morgan (1818-1881)

Morgan, ein amerikansk forskar, utvikla ein teori om samfunnsutvikling. Han meinte alle samfunn utvikla seg gjennom tre stadium: den ville tilstanden, barbariet og sivilisasjonen. I den ville tilstanden levde menneska av jakt og sanking. Jordbruket blei den dominerande produksjonsmåten under barbariet, mens kjenneteiknet på sivilisasjonen var at menneska hadde innført skrivekunsten og staten.

Ein av grunnane til at Morgan var viktig for utviklinga i antropologien, var interessa hans for ikkje-industrielle samfunn. Antropologane blei i større grad enn sosiologane opptekne av framande og eksotiske samfunn. For desse forskarane blei tema som kultur, religion og ritual i forskjellige samfunn sentralt.

Edward Tylor (1832-1917)

Tylor, ein britisk antropolog, skreiv eit verk som han kalla Primitive Culture. Her presenterte han ein klassisk definisjon på kultur:

"(...) den komplekse helheten som består av kunnskaper, trosformer, kunst, moral, jus og skikker, foruten alle de andre ferdighetene som et menneske har tilegnet seg som medlem av et samfunn."

Denne tidlege definisjonen blir fortsatt sett på av mange som ei brukbar forklaring på kva kultur er.

Tylor var, som mange andre på denne tida, ein evolusjonist. Han var direkte påverka av Charles Darwin, og trudde på det ein har omtala som sosial evolusjon, nemleg at mennesket utvikla seg i ei bestemd retning. Dei europeiske samfunna hadde kome lengst i ei utviklingskjede kor den "ville tilstanden" var byrjingar. Her må vi understreke at Tylor ikkje gjorde noko omfattande feltarbeid på eiga hand, sjølv om det i dag er ein av antropologien sine fremste metodar.

Den moderne antropologien veks fram

I løpet av dei første tiåra av 1900-talet vaks den moderne antropologien fram. For dei europeiske stormaktene gjorde koloniseringa av Afrika og Asia det mykje enklare å utføre feltstudiar av eksotiske folkeslag og kulturar. I tillegg var dette undersøkingar koloniherrane i aller høgaste grad kunne dra nytte av.

I USA var føresetnadane for antropologiske undersøkingar annleis. Dei europeiske nybyggjarane hadde lagt mange av dei indianske samfunna i ruinar. Hos mange indianarfolk var det berre restar att. Derfor var det viktig å kartleggje indianske samfunn og kulturar før dei forsvann for godt. I denne perioden var det spesielt to antropologar som stakk seg fram: Franz Boas og Bronislaw Malinowski. Desse to blir ofte sett på som dei sentrale personane i framveksten av moderne antropologi.

Franz Boas (1858-1942)

Franz Boas var opphavleg frå Tyskland, men flytta til USA for å studere amerikanske urfolk. Feltarbeida hans omfatta ikkje berre indianske folk, men også amerikanske inuittar. Mange ser på han som grunnleggjaren av amerikansk kulturantropologi. I tillegg har mange kjente antropologar vore elever av Boas, deriblant Ruth Benedict og Margaret Mead. Han er vidare kjent som grunnleggjaren av "culture and personality"-skulen. Eit hovudtema i denne retninga er studiet av kva tyding barneoppseding har for kulturell variasjon.

Boas har også medverka med historisk partikularisme. Dette er kort og godt eit syn som går imot den evolusjonistiske tankegangen som mange antropologar før ham var prega av. Han meinte derimot at kvart einskild samfunn har si eiga historie og går ikkje gjennom bestemte fasar, slik blant anna Lewis Henry Morgan meinte. I denne samanhengen har Boas også formulert ein teori som også i dag er mykje brukt som ein metodisk grunnsetning: kulturrelativismen. Denne teorien handlar om at ulike samfunn og kulturar må bli forstått ut frå deira logikk. Det blir derfor feil å vurdere dei ut frå kvar dei er på ein evolusjonistisk rangstige. Alle samfunn utviklar seg på sin eigen måte. Her kan ein sjå at Boas var imot den rasismen som prega tankegangen til mange av kollegane hans på denne tida.

Franz Boas. En av sosialantropologiens grunnleggere.
Franz Boas, tysk-amerikansk antropolog

Bronislaw Kaspar Malinowski (1884-1942)

Malinowski blir ofte omtala som grunnleggjaren av den europeiske antropologien, og det er spesielt synet hans på korleis antropologen skal innhente informasjon om andre folk, som har sett sitt preg på den moderne antropologien. Han meinte at forskaren måtte delta i ein langvarig deltakande observasjon, noko han sjølv gjorde under sine feltarbeid (1915-18) på Trobiandøyene utanfor Ny-Guinea.

Ifølgje Malinowski måtte antropologen streve etter tett og langvarig kontakt med lokalsamfunnet. For å forstå det samfunnet ein skulle forske på, var det naudsynt å bruke mykje tid saman med forskingsobjekta. På den måten ville det bli lettare for antropologen å gjere seg kjend med dei ulike sidene ved det aktuelle samfunnet, enn om ein berre var innom for ein kort periode eller bare las skildringar av andre som hadde vore der. Dette var uansett noko tidlegare antropologar ikkje hadde lagt like stor vekt på. Malinowski sette derfor ein ny standard, kor forskingsarbeida var meir inngåande enn kva som hadde vore tilfellet med tidlegare antropologar. Sjølv om delar av arbeidet hans har vorte kritisert i ettertid, er idealet om eit langvarig feltarbeid eit av dei fremste bidraga hans til antropologien, og er den dag i dag eit ideal for antropologar som skal ut i felten.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Universitetsforlaget.

Læringsressursar

Teori og empiri

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter