Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Teori og empiriChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er sosiologi?

Ordet sosiologi er sett saman av ord fra to ulike språk, nemlig latin og gresk.Socius er latin for kamerat, og det er opphavet til ordet societas, som betyr samfunn. Frå gresk kjem ordet logos, som betyr lære. På norsk kan sosiologi altså omsetjast med læra om samfunnet.

Menneskemengde under et mikroskop. Illustrasjon.

Innhaldet i sosiologien er i hovudsak studiet av forholdet mellom individ og grupper av individ. Hovudtemaet i alle sosiologiske studium kan derfor seiast å vere sosiale relasjonar eller sosiale samanhengar. Men sosiologien legg også vekt på å beskrive og forklare verkelegheita, og derfor er metode ein sentral del av faget. Over tid har metoden blitt utvikla til ein viktig reiskap når vi skal skaffe oss ei mest mulig objektiv beskriving av samfunnet.

Fordi menneska og deira reaksjonar og handlingar er eit resultat av historiske, kulturelle, økologiske, biologiske og psykologiske prosessar, kan vi vanskeleg gjennomføre ein sosiologisk analyse utan å ta omsyn til dette. Derfor har det utvikla seg grensevitskapar som ligger i området mellom sosiologi og dei andre fagområda, som til dømes religionssosiologi, kultursosiologi og språksosiologi.

Sosiologi i praksis

Læringsressursar

Teori og empiri

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter