Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Teori og empiriChevronRight
  5. Med samfunnet under lupaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Med samfunnet under lupa

For samfunnsforskaren er arbeidet like mangfaldig som samfunnet sjølv. På Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring – eller berre NOVA – har omkring 90 forskarar arbeidsplassen sin. NTB har intervjua to av dei.

Åse Strandbu og Viggo Vestel er samfunnsforskere
Åse Strandbu og Viggo Vestel jobbar som samfunnsforskarar på NOVA, og forskar på ungdom.

Fleire fagfelt

Barn og ungdom, migrasjon, bustad, familie, aldring, helse, arbeidsliv, val og demokrati. Temaa som opptek samfunnsforskarane her i landet, er like varierte som samfunnet sjølv. På NOVA, eit av dei største samfunnsfaglege forskingsinstitutta i landet, finn du ikkje berre sosiologar, men òg sosialantropologar, statsvitarar og psykologar blant forskarane.

Samfunnsforskere og hyller med rapporter. Foto.
[b]RESULTATA: [/b]Ein lang og velfylt reol med rapportar og bøker prydar den første korridoren du møter innanfor instituttdørene. – Alt saman er produsert her på huset, fortel forskar og sosiolog Åse Strandbu.

– Ein samfunnsforskar skal prøve å forstå og gi ei tolking av samfunnet, seier forskar og sosiolog Åse Strandbu.

– Vi ønskjer å forstå livet til folk og kvifor folk oppfører seg slik som dei gjer, fortset sosialantropologen og forskarkollegaen Viggo Vestel.

Vestel og Strandbu jobbar begge med ungdomsforsking og skal no i gang med ein studie om politiske haldningar blant unge.

Tillit

– Som ungdomsforskar kan det vere krevjande å få innpass, men dei fleste synest det er interessant når vi først kjem i gang. Vi snakkar jo om tema som ungdommane er opptekne av, seier Strandbu.

Og for forskarane blir det ein viktig balansegang kor "kule" dei skal vere. Påteken kulheit for å gli inn i eit miljø blir fort gjennomskoda, fortel dei. Og for at forskinga skal bli god, er det nødvendig å få tillit.

– Det er viktig at ungdommane òg fortel om dei gale tinga dei har gjort. Vi anonymiserer informantane slik at ingen skal få trøbbel som følgje av forskinga, seier Vestel.

Han har arbeidd mykje med ungdomsklubbar på austkanten i Oslo, som tidvis har blitt kritiserte for å gi grobotn for både kriminalitet og rusbruk. I møtet med ungdommane bruker han gjerne si eiga musikkinteresse som ein inngangsport til å få gode intervju.

– Når nokon snakkar om forholdet dei har til ein artist, kan dette seie mykje om liva deira og kva som er viktig for dei, fortel han.

Samansette svar

Når forskarane har ei problemstilling dei skal utforske, bruker dei mykje tid på å lese seg opp på teoriar og relevant forsking. Og ikkje overraskande avdekkjer ein tur til Vestels kontor mykje lesestoff. Kontoret har òg fått plass til ei lita seng.

– Eg liker å liggje mens eg les, forklarer han smilande.

Både kvantitative metodar som spørjeundersøkingar og kvalitative metodar som djupintervju blir brukte på vegen mot eit forskingsresultat. Men sjølv om ei problemstilling kan vere forholdsvis enkel, kan svara som forskinga gir, vere samansette.

– Somme gonger er poenget nettopp å vise at det ikkje er så enkle svar som ein trur. Andre gonger bruker du mykje tid på noko som viser at "det var som vi trudde". Det er òg eit resultat, seier Strandbu.

Resultata blir publiserte som rapportar, artiklar og somme gonger som bøker. Forskinga legg òg ofte grunnlaget for politiske avgjerder.

Då Vestel tok føre seg ungdomsklubbane gjennom fleire studiar på 1990- og 2000-talet, medverka funna til å nyansere det negative biletet av klubbane. Mellom anna viste det seg at klubbleiarane var personar som ungdommane kunne tru seg til og gjerne spørje om råd viss ting var vanskelege heime eller i vennegjengen.

– I slike tilfelle håper vi som forskarar at forskinga går "inn". At ein for eksempel forstår kor viktig ungdomsklubbane er, seier han.

Læringsressursar

Teori og empiri

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter