Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metode

Samfunnsvitskaplege arbeidsmetodar er rutinane for korleis samfunnsforskarar går fram for å beskrive, undersøkje og tolke hendingar i samfunnet. Dei samfunnsvitskaplege arbeidsmetodane blir delte i to hovuddelar: ein kvantitativ og ein kvalitativ metodedel.

Stor hånd med forstørrelsesglass over liten mann med snakkeboble. Illustrasjon.

Samfunnsforskaren sine verkty

Når du skal framstille arbeidet til ein snekkar, vil du alltid begynne med å fortelje korleis arbeidet ser ut. Er arbeidet fint utført? Er skøytane utførte etter boka? Er veggen pen og rett? Er taket tett og solid? Det vi fortel noko om, er korleis snekkaren har brukt dei verktya han eller ho har hatt til rådvelde, og kva metodar som er brukte for å utføre arbeidet.

På same måte som snekkaren må vere ein dyktig fagperson med arbeidsmetodane og verktyet sitt for å få eit godt resultat, så må samfunnsvitaren kunne arbeidsmetodane sine og bruke arbeidsverktyet sitt for å gjere ein god jobb.

Dokumentasjon og beskriving av arbeidet

Kvalitative og kvantitative metodar er to svært ulike måtar du kan bruke for å skaffe kunnskap om samfunnet, men det er metodar som ofte utfyller kvarandre. Som samfunnsforskar skal du nytte den metoden du meiner er mest tenleg for den undersøkinga du vil gjennomføre.

Uansett val av metode, så er det viktig at du gjennom heile arbeidet med undersøkinga dokumenterer kva du har gjort, kvifor du gjorde det og kva resultat du fekk. Etter at undersøkinga er gjennomført, samlar du alle notata og dataa, enten dei er frå ein observasjonen eller ei spørjeundersøking, og systematiserer dei, og prøver å finne ut om det er nokon systematiske tendensar som kan gje forklaringar på spørsmålet du stilte deg på førehand.

Gjennom tidene har det vore store diskusjonar mellom samfunnsvitarar om kva metode som er best. I dag er det mindre diskusjon om dette. Det er likevel nokre krav til samfunnsvitskaplege undersøkingar som alltid gjeld, uansett kva metode du har valt:

  • Alle vitskaplege undersøkingar og påstandar bør vere offentlege, og dei bør kunne etterprøvast. Det vil seie at ein annan forskar skal kunne gjennomføre same undersøkinga og få det same resultatet som du fekk.
  • Undersøkingar skal vere så enkle, men samtidig så systematiske og fullstendige som mogleg.
  • Undersøkingar skal ha så høg grad av haldbarheit, det vil seie sanning eller sannsyn, som mogleg.

Kvifor samfunnsvitkaplege arbeidsmetodar?

Samfunnsvitenskapelige arbeidsmetodar har vore viktige for å skaffe oss den kunnskapen vi har i dag om sosiale system, samfunn og tilhøve mellom menneske.

I dag blir det hevda at kunnskap og røynsler på dette området er viktigare enn nokon gong. Det blir begrunna med blant anna at

  • det er fleire menneske som flyttar enn før – og menneska flyttar over store avstander, dei etablerer seg i framande kulturar, noko som skaper spenningar som vi treng kunnskap om for å takle
  • moderne bruk av sosiale medium og datasystem fører til at store mengder med informasjon om enkeltmenneske sine handlingar og holdningar blir registrerte, og det er viktig å ha kunnskap om korleis slik informasjon kan nyttast, og korleis den ikkje skal nyttast

Emner

Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metode

  • Teori og empiri

    Kva er sosiologi og kva er sosialantropologi? I dette emnet skal vi sjå på nokre kjenneteikn, og nokre døme på samfunnsvitskapeleg metode.

  • Kvantitativ metode

    Kvantitativ metode brukar du når du vil undersøkje noko for å få informasjon om ei større gruppe menneske.

  • Kvalitativ metode

    Kvalitativ metode handlar om å samle inn informasjon gjennom metodar som observasjon, deltaking og intervjue.