1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Formeiring hos pattedyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos pattedyr

Alle pattedyr har indre befruktning. Dei fleste føder levande ungar, men vi finn òg nokre artar som legg egg. Morkakedyr er den største gruppa av pattedyr. Morkaka er det organet som forsyner fosteret med næring og oksygen frå mora, og som gjer det mogleg med forlenga indre svangerskap.

Gaupeunge ser nysgjerrig mot kampera. Foto.

Fellestrekk

Rådyrkalv som dier. Foto.
Alle pattedyr har kjertlar (pattar) som produserer mjølk, og der ungane diar – derav namnet pattedyr.

Pattedyra er ei gruppe med store variasjonar. Dei lever både i vatn, i lufta, under jorda, i trea og på bakken. Dei varierer òg enormt i storleik, frå ei dvergspissmus på tre gram til ein blåkval på to hundre tonn. Det som kjenneteiknar pattedyra og som har gitt dei namnet, er at dei har mjølkekjertlar (pattar) som dei diar ungane med. Fellestrekk elles er at dei er særkjønna med indre befruktning, dei er varmblodige, dei er som regel pelskledde, og dei pustar med lunger.

Ulike grupper av pattedyr

Pungdyrunge som suger melk fra morens patter i pungen. Foto.
Pungdyrunge som syg mjølk frå brystvorta i pungen til mora.

Kloakkdyra, som er dei mest primitive pattedyra, har mange fellestrekk med krypdyra, blant anna ved at dei legg egg. Men i motsetning til krypdyra blir ungane til kloakkdyra dia etter klekking.

Pungdyra, som er det neste evolusjonære steget, legg ikkje egg, men dei føder veldig tidleg i fosterutviklinga. Fosteret er festa til mora sine pattar og blir utvikla vidare i pungen til mora.

Morkakedyra føder ungar som i stor grad er ferdig utvikla etter eit lengre svangerskap. Det lange svangerskapet er mogleg sidan morkaka fraktar næring, gassar og avfallsstoff mellom mor og foster.

Brunsttida

Kronhjort med sitt harem. Foto.
Kronhjort med haremet sitt. Ein hann har fleire hoer som han passar på og parar seg med i brunstperioden på hausten.

Paringa skjer i samband med eggløysing. Eggløysinga blir regulert hormonelt, men blir påverka av både alder, storleik, kondisjon og ytre faktorar. Perioden der paringa skjer, blir kalla brunst. Dei fleste av pattedyra lever åleine og treffer artsfrendar berre i brunsttida, men hos nokre artar kan para halde saman heile livet.

Det eksisterer ei rekkje ulike strategiar for å vinne gunsten til hoene. Det er vanlegast at hannane konkurrerer om hoene, og at hoene vel blant hannane.

Hannane kan slåst om hoene, dei kan vurdere kven som er sterkast, utan å gå i kamp, og dei kan forsvare harem og territorium. Dei kan òg ha utvikla spesielle trekk som hoene vel dei på grunn av, til dømes lydar og oppvisingar.

Fosterutvikling hos morkakedyr

Etter at ei av sædcellene til hannen har vunne kappløpet fram til egget, vil det befrukta egget feste seg i livmora. Her ligg det godt beskytta inne i eit væskefylt rom omgitt av ei fosterhinne, som hindrar uttørking. Ein navlestreng blir utvikla mellom morkaka og navlen til fosteret. Gjennom denne forbindelsen utvekslar mor og foster avfall, næring og gassar ved diffusjon.

Drektigheitstida (frå egget blir befrukta og fram til fødsel) varierer frå art til art. Drektigheitstida er som oftast kort hos små artar og lang hos store. Hos enkelte artar har dei òg noko som blir kalla forseinka fosterutvikling, der det befrukta egget blir halde igjen litt før det fester seg i livmora.

Tabell over drektighetstid hos ulike pattedyr

Art Drektigheitstid i dagar
Vasspissmus
18-22
Hare 48-52
Ekorn cirka 38
Piggsvin 30-49
Bever cirka 105
Sau 150
Raudrev 52-54
Blåkval 300-365
Menneske cirka 280
Moskus cirka 250
Rein cirka 220

Dette er ei tilpassing til å gå svanger og føde ungar på den mest gunstige årstida og er relativt vanleg hos hjortedyr og mårdyr. Flaggermusene har ikkje forseinka fosterutvikling, men hoa lagrar sædcellene i kroppen inntil forholda er så gunstige at eggløysinga kan setjast i gang. Sjølve befruktninga skjer altså ikkje før i mai–juni, sjølv om paringa skjedde hausten før.

Yngelpleie

Dei fleste pattedyr får relativt få avkom som kvar krev store investeringar, og då hovudsakleg frå mor (svangerskap og amming). Det er derfor ikkje uvanleg at hannane stikk frå omsorga for å pare seg med nye hoer, noko som gjer at monogami ikkje er så utbreidd.

Hunnbjørn med sine to avkom. Foto.
Hos brunbjørn og løver er det ikkje uvanleg at hannen drep avkommet til andre hannar for å få binna/løvinna brunstig på nytt.

Hos rovpattedyr som bjørn og gaupe blir ungane fødde nakne, blinde og hjelpelause, og dei må vernast i eit hi. Ved fødsel er bjørneungane berre 300–500 gram, men når dei forlèt hiet etter fire månader, er dei fire kilo. Hos andre artar, som hos hjortedyr, er ungane i stand til å følgje mora raskt etter fødsel, men dei diar i ein lengre periode. Når ungane er sjølvstendige, er dei ofte òg utvaksne.

Flaggermusmødrene flytter saman i store ynglekoloniar for å føde. Ungane blir fødde blinde og nakne, men etter tre til fem veker er dei avvente og flygedyktige. Då dreg mor vidare til fordel for ny kurtise og paring. Hos primatane er omsorga for ungane høgt utvikla, og ungane held saman med dei vaksne i ein mykje lengre periode.

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter