Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos fugl"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos fugl"

Gjennom refleksjonsoppgåvene nedanfor vil du kunne forstå meir om fuglane sine tilpassingar og strategiar når dei skal formeire seg.

Blåfotsuler i paringsdans
Blåfotsuler i paringsdans
  1. Fuglane bruker mykje tid og energi på å byggje reir, ruge på egg og pleie ungane. Kva er gevinsten fuglane har frå ei slik komplisert og energikrevjande formeiringsåtferd?

  2. Havsulekoloni
    Havsuler i Gjesværtrappan.
    Nokre stader i Noreg, som Gjesvær i Finnmark og på Røst ytst i Lofoten, finst det store fuglefjell der tusenvis av sjøfuglar hekkar. Kva meiner du er fordelane og ulempene for fuglane ved å hekke i koloniar på denne måten?

  3. Den afrikanske strutsen (Struthio spp.) legg egg i store reir på savannen. Fleire hoer byggjer reir saman og legg egga sine her. Kva tener strutsen på denne åtferda, trur du?

  4. Somme fuglar er monogame, dei har same partnar heile livet. Knoppsvana (Cygnus olor) er eit døme på dette. Kva fordelar og ulemper trur du ei monogam formeiringsåtferd blant fuglar inneber?

  5. Vendehals - en spettfugl som hekker i Europa.
    Vendehals.
    Bruk eksterne kjelder og finn ut kva som særpregar formeiringa til gauk (Cuculus canorus) og vendehals (Jynx torquilla).

  6. Kva slags kvalitetar har fugleegget som gjer at formeiringa hos fugl er ei tilpassing til eit liv på land?

  7. Fuglane har ei rekkje raffinerte paringsritual og driv aktiv kurtise. Men korleis skjer sjølve paringa og befruktninga?

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter