Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Formeiring hos krypdyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos krypdyr

Krypdyra er tilpassa eit liv på land og formeirar seg ved egglegging. Sjølv om nokre artar lever permanent i vatn, vender dei tilbake til land for å formeire seg. Hoggormen er det mest kjente krypdyret vårt, og ein av berre tre slangar i Noreg. Han parar seg om våren og føder levande ungar på seinsommaren.

Hun og han hoggorm. Foto.

Kva er krypdyr?

Proterogyrinus
Panserpadde.

Krypdyr, eller reptil som dei òg blir kalla, er vekselvarme dyr. Dei er avhengige av temperaturen omkring seg for å fungere. Dei første krypdyra utvikla seg frå urpadder (panserpadder) i karbontida for 300 millionar år sidan. Huda til krypdyra er vasstett og dekt med hornaktige skjel.

Krypdyra kan vi samle i klassen Reptilia, der vi finn krokodillar, øgler og slangar, bruøgler og skilpadder. Til saman kjenner vi til meir enn 8200 artar. Av desse finst berre fem artar i Noreg: firfisle, stålorm, hoggorm, buorm og slettsnok.

Krypdyra er tilpassa eit liv på land, og mange artar lever her heile livet. Nokre artar har vendt tilbake til vatnet og lever der permanent, mens andre oppheld seg vekselvis på land og i vatn. Under formeiringa kryp likevel dei fleste tilbake på land for å leggje egg.

Formeiringa til krypdyra

Egg av nilkrokodille. Foto.
Egg frå nilkrokodille.

Krypdyra blei den første dyregruppa som gjorde seg heilt uavhengig av vatn under formeiringa. Dei legg egg på land, og fukta som fosteret treng, finst i egget. Egga blir lagde gjennom ei ei felles opning for både kjønnsprodukt og avfallsstoff.

Som regel grev krypdyra egga sine ned i sand eller jord, slik som krokodillar og havskilpadder gjer. Ungane som blir klekte, er miniatyrar av dei vaksne. Hos krokodillar er temperaturen under fosterutviklinga ein avgjerande faktor for å bestemme kjønnet til avkommet. Låg temperatur gir hoer, mens høg temperatur gir hannar. Det snakk om berre eit par gradar variasjon i temperaturen.

Yngelpleie

Nokre krypdyr har ei enkel form for yngelpleie. Krokodillemora grev fram ungane når ho høyrer lydar i sanden frå dei nyklekte ungane. Så ber ho dei varsamt i munnen ned til vatnet, der dei veks vidare.

Unge av havskilpadde. Foto.
Nyklekt havskilpadde.

Havskilpaddene lever permanent i havet, men vender tilbake til land for å leggje egg. Kvart år på bestemte tider kryp dei store reptila opp på strendene.Hoa grev groper i sanden der dei legg 50–200 mjuke, læraktige egg. Etter egglegginga grev mora sand over egga og kryp tilbake til havet. Når egga blir klekte, er ungane overlatne til seg sjølve. Dei grev seg ut av hòla og må karre seg til havet på eiga hand.

Mange slangar og øgler har utvikla formeiringa eit skritt vidare ved å la embryoet utvikle seg inni kroppen. Anten kan dei leggje egga med det ferdig utvikla embryoet like før dei skal klekkast, eller så kan egga bli klekte inni kroppen slik at mora føder levande ungar.

Formeiring hos hoggorm

Hoggorm. Foto.
Hoggorm.

Hoggormen (Vipera berus) er det mest kjente krypdyret vårt. Hoene blir kjønnsmodne når dei er fire år gamle og kan formeire seg kvart andre år. I Noreg går formeiringa føre seg i april–mai. Mange hannar kan kjempe i timevis for å vinne gunsten til hoa. Hannen som vinn, parar seg med hoa i fleire timar. Hoggormane har indre befruktning (uavhengig av vatn) som hos andre krypdyr.

Hoa er drektig i 60 til 100 dagar før ho føder inntil 20 ungar, vanlegvis i august–september. Fødselen skjer ofte i steinurer eller inni små hòler. Egga blir klekte i buken til hoggormen, og ungane blir fødde i ei gjennomsiktig hinne som dei sjølve må komme seg ut av.

Fødselen er svært energikrevjande for hoa, som taper opp til halvparten av vekta under svangerskapet. Mange hoggormar døyr etter fødselen. Nokre har berre eitt svangerskap i løpet av livet, mens andre kan få ungar 4–5 gonger.

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter