Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Funksjon og tilpassingChevronRight
  4. Formeiring hos dyrChevronRight
  5. Formeiring hos amfibiumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring hos amfibium

Amfibia er talrike i varme land, men vi har berre 6 artar i Noreg. Evolusjonsmessig er amfibium interessante fordi dei representerer overgangen frå eit liv i vatn til eit liv på land. Dei vaksne dyra lever på land, men vender tilbake til ferskvatn for å formeire seg. I løpet av livssyklusen går dei gjennom ei fullstendig forvandling.

Frosk og froskeegg. Foto.

Kva er amfibium?

Amfibium er virveldyr som lever på land, men som vender tilbake til vatn for å formeire seg. Ordet amfibios betyr «fleire liv» og viser til at dei i løpet av livssyklusen sin lever i to heilt forskjellige miljø, på land og i vatn. Til amfibia høyrer frosk og padder, salamandrar og ormepadder. Eit liv både på land og i vatn krev tilpassingar – særleg med tanke på gassutveksling.

Rana arvalis
Spissnutefrosk.

I Noreg finst det berre seks artar amfibium: norpadde, spissnutefrosk, damfrosk, buttsnutefrosk, storsalmander og småsalamander. Damfrosken er «kritisk trua» og er berre kjend frå to til tre små tjern i Aust-Agder, mens spissnutefrosken og småsalamanderen begge har status «livskraftig» i Artsdatabanken. Den største trusselen for amfibia våre er habitatødeleggelse.

Livssyklus med metamorfose

Sjølv om variasjonen i livssyklusen hos amfibium er stor, har dei fleste artar ein livssyklus som inkluderer metamorfose (fullstendig forvandling). Med få unntak har frosk og padder ytre befruktning, mens salamandrar har indre befruktning. Egga blir lagde i vatn og er omgitte av eit geléliknande stoff som er gjennomtrengjeleg for vatn og gassar. Stoffet trekkjer til seg vatn, svell ut og vernar egget.

Sammenlikning av livssyklus hos frosk og salamander. Illustrasjon.
Livssyklus hos frosk og salamander

Larver

Liten salamanderlarve med utvendige gjeller svømmer på grunt vann.
Ung larve av småsalamander. Salamanderen beheld halen heile livet, men dei utvendige gjellene forsvinn.

Egga blir klekte til larvar (rumpetroll) som er tilpassa eit liv i vatn. Dei har gjeller og primitive lunger til gassutveksling, finnar til å bevege seg med og ein hale som er lengre enn sjølve kroppen.

Metamorfose

Larvane lever i vatn til dei gjennomgår metamorfose, ei forvandling som er styrt av hormona tyroksin og prolaktin. Når metamorfosen skjer, blir gjeller, finnar og andre organ tilbakedanna. Lungene blir no fullt utvikla og tek over gassutvekslinga saman med huda. Det blir danna lemmer og munndelar, og rumpetrolla blir forvandla til miniatyrar av vaksne amfibium.

Et rumpetroll gjennomgår fullstendig forvandling til frosk.
Metamorfose hos frosk.

Dei unge individa begynner eit liv på land, og i løpet av nokre år veks dei opp til kjønnsmodne individ som vender tilbake til vatn for å formeire seg.

Ein overgang frå vatn til land fører òg til at amfibia fullstendig endrar livsstil. Mens rumpetroll vanlegvis et mikroskopiske algar og anna plantemateriale som dei filtrerer frå vatnet, vil mange amfibium bli kjøttetarar (karnivorar) på land og livnære seg av insekt og andre små, virvellause dyr.

Formeiring hos padda

Ei padde kommer opp fra sitt skjulested i jorda mellom lyngplanter.
Padde i jordhòle.

Om hausten går dei vaksne paddene (norpadde, Bufo bufo) i dvale og overvintrar på frostfrie stader som i hòler under bakken, under vedstablar eller liknande. Tidleg om våren svermar paddene til yngleplassen i eit lite ferskvatn.

Les meir

Paddene bruker den same staden til formeiring år etter år. Hannane kjem først og oppheld seg ved og i vatnet i fleire dagar eller veker før hoene kjem. No kan ein høyre korleis paddene kvekkar for å trekkje til seg hoene og markere styrke. Når hoene innfinn seg, klyngjer fleire hannar seg rundt ei hoe for å vinne retten til å befrukte egga. Formeiringsrituala skaper stress og krev så mykje energi at fleire døyr før dei klarer å reprodusere. I ein kort og hektisk periode kan nokre tjørn ha mange slike paddeklyngjer.

Den sigrande hannen blir sitjande på ryggen av den mykje større hopadda som begynner å leggje egg i lange, doble, geléaktige remser. Eggremsene kan vere så lange som 4,5 meter og inneheld opptil 6000 egg. Egga blir klekte til rumpetroll i løpet av to til tre veker. Etter tolv veker har larvane gjennomgått metamorfose og ser ut som padder, men er ikkje meir enn 1,5 cm lange.

Læringsressursar

Formeiring hos dyr

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Raudåte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for læringssti.

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hvorfor blir det så mange lakselus?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjøløveunge dier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter